No har han bestemt seg

Artikkelen er over 6 år gammel

Rotevatn (V) går for at grunnlova også skal vere på nynorsk.

DEL

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) kjem til å røyste for at Grunnlova skal kome i eit meir modernisert språk, og på både bokmål og nynorsk, i dei versjonane Graver-utvalet har føreslege.

Dermed ligg det an til at tre av fylkets fire stortingsrepresentantar vil gå for nynorsk Grunnlov, når avgjerda om ikkje lenge skal falle i Stortinget. Bjørn Lødemel (H) har tidlegare sagt at han kjem til å følgje partiet sitt i denne saka. Høgre vil behalde den språkforma Grunnlova har.

Fått reaksjonar

Rotevatn seier til Firda at han har fått reaksjonar, etter at han gjekk i tenkjeboksen i denne saka.

– Det var ikkje så rart, sidan det er mange nynorskfolk i Venstre, og eg sjølv er nynorskbrukar og tidlegare styremedlem i Noregs Mållag. Men eg følte at saka var litt krevande, fordi vi ikkje har nokon tradisjon i Norge for at lover finst i meir enn ei målform. Fleire har vore bekymra for at språklege ulikskapar mellom lovtekstar på bokmål og nynorsk kunne skape tvil om tolking. Men etter at jusekspertar og andre har sagt at dette vil gå fint, er eg ikkje lenger uroleg for dette, seier Rotevatn.

Likeverdet

Han ser dette om kvifor han meiner nynorsk grunnlovstekst er viktig:

– Grunnlova er eit viktig symboldokument. At ho finst på både bokmål og nynorsk vil vise at dei to målføra er likeverdige.

– Dessutan er Grunnlova skriven i eit veldig alderdommeleg språk, som mange i dag vil ha problem med å skjøne. Då bli det i seg sjølv eit viktig demokratisk poeng at ho skal bli lett å lese, seier han.

– Eg kjem til å røyste for framlegget om dei versjonane Graver-utvalet har laga, og eg håpar andre representantar gjer det same. Det ville vore ei viktig markering, om Sogn og Fjordane kunne røysta samla i denne saka, seier han.

Nynorskfylket

Frå heimfylket har signala vore klare:

– Det er til å grine av, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), då det vart kjent at Lødemel ville røyste nei og at Rotevatn ikkje hadde bestemt seg.

Ho meinte det vil vere heilt uakseptabelt, om stortingsreresentantar frå det fremste nynorskfylket i landet ikkje røysta for at Grunnlova også skal vere på nynorsk.

Bjørn Lødemel (H) sa ved dette høvet at han vil arbeide for nynorsken, men at det ikkje er i denne saka kampen står.

– Det viktige er at vi har ei god Grunnlov. Eg er meir oppteken av dei praktiske spørsmåla rundt innhaldet enn av språkspørsmålet, sa Bjørn Lødemel.

Artikkeltags