No har Gunnar (37) sett heile verda

Gunnar Garfors (37) frå Naustdal jublar på ei strand i øysamfunnet Kapp Verde. Med dette besøket har han vore i alle verdas land.

Gunnar Garfors (37) frå Naustdal jublar på ei strand i øysamfunnet Kapp Verde. Med dette besøket har han vore i alle verdas land. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Har vitja alle verdas land.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Gunnar Garfors (37) frå Naustdal, kunne torsdag sleppe jubelen laus på ei strand i Kapp Verde, hans siste land i hans storslegne reisemål: – å besøke alle land i heile verda.

Natt til torsdag kom Garfors til den vesle øygruppa, og kunne med det setje punktum både for det som har vore ei nærmast kontinuerleg reise sidan han starta reiseeventyret på interrail med bror sin i 1992.

- Fantastisk og vemodig

– No er det faktisk både heilt fantastisk og veldig vemodig på same tid, seier Garfors, når han ser tilbake på alle land han har vitja, og alle opplevingane han har hatt.

Og sjølv om han hadde reist mykje frå før, byrja prosjektet for alvor i 2008. Då hadde Garfors allereie vore i kring 80 land.

– Eg og bror min såg ein Firda-artikkel for langt tilbake om nokre arbeidarar frå Kirgisistan som vitja Noreg for å lære om vasskraft. Vi hadde aldri høyrt om Kirgisistan, fall pladask for namnet og bestemde oss for å reise dit. Etter kvart vaks det fram eit mål om å besøke alle land i verda som endar på "stan", seier Garfors, som målretta vitja "stan"-landa, eitt etter eitt.

Veddemål

Og etter at mengda stempel i passet vaks og vaks, vart han seinare utfordra av ein kamerat om å besøke alle landa i verda. Eit mål kameraten såg som umogleg. Men Garfors lét seg trigge.

I jobben hans er han mykje på reisefot, og slik sett var målet oppnåeleg. Men det har kravd sine timar utanfor Norges grenser, og mykje i slengen. På det meste har han hatt mellom 150 og 200 reisedøger i året.

– Veddemålet var at eg skulle greie det innan eg vart 40, så slik sett greidde eg det med god margin, seier Garfors, som dei siste åra har jobba svært determinert for å nå målet, og til slutt Kapp Verde.

– Hit skulle eg, om eg så skulle rodd hit, ler 37-åringen.

Vil framleis reise

Og vel på plass på det avsluttande reisemålet, er han i godt selskap.

– Det har tatt heilt av her. Eg har to brør og ei søster her, pluss åtte vener, og fleire er på veg, seier Garfors, som ser det som fantastisk at så mange kunne vere med å markere reisebragda.

Og sjølv om han no skal nyte tilværet i øysamfunnet med dykking, snorkling og anna avslapping, veit han ikkje kor snart det vil byrje å krible i reisefoten att.

– Det kan ta nokre få veker, så kan eg byrje å tenke. Kva kan eg gjere no?, smiler Garfors, som ganske bastant kan seie at reiselysta, den misser han ikkje.

– Det er som eit virus som eg er glad for at eg har, seier Garfors, som påpeikar at sjølv om han har vore i alle land, er det framleis mykje han ikkje har sett.

Artikkeltags