No får heile fylket sjå han

Bjørnen som blei skoten i Fjærland i juni 2008, blir no å sjå i Førde, Sandane, Florø  og i Kaupanger. Arkivfoto.

Bjørnen som blei skoten i Fjærland i juni 2008, blir no å sjå i Førde, Sandane, Florø og i Kaupanger. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Hannbjørnen som enda livet i Fjærland skal på "turné"

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Etter fleire veker med jakt og leiting, kom meldinga 15. juni 2008 over jaktradioen som mange hadde venta på:

«Vi har skote bjørnen», var beskjeden frå to jegerar som tok bjørnen på Vetlebreen i Fjærland.

Les også:

Den unge unge hannbjørnen gjorde store innhogg i saueflokkane i fylket og både media, sauebønder, dyrevernarar og heile fylket engasjerte seg i lagnaden til bamsen.

Men til slutt blei altså hannbjørnen skoten og mange møtte fram for å sjå dyret etter at det blei frakta ned til Fjærland junidagen for nær to år sidan.

No får endå fleire moglegheit til å sjå den omdiskuterte bamsen, heiter det i ei pressemelding.

Neste laurdag opnar utstillinga «Me har skote bjørnen» på Sunnfjord Museum i Førde, før vandreutstillinga går vidare til musea på Kaupanger, på Sandane og i Florø.

I tillegg til møtet med bamsen, som Monica Landøy i Florø har stoppa ut, vil publikum også lære om bjørnen, den naturhistoriske og kulturhistoriske dimensjonen og alle bjørnehistoriene frå Sogn og Fjordane.

Artikkeltags