No får dei skuleboka tilbake

No får elevane på Hafstad vgs. skuleboka tilbake, noko elevane i 1D er glade for. T.V: Rakel Maria Wiken, Maria Hauge, Randi Bakketun, Åshild Østerbø Ulvedal, Kristian Kjøllesdal og Leonard Hope Hornnes.  Arkivfoto

No får elevane på Hafstad vgs. skuleboka tilbake, noko elevane i 1D er glade for. T.V: Rakel Maria Wiken, Maria Hauge, Randi Bakketun, Åshild Østerbø Ulvedal, Kristian Kjøllesdal og Leonard Hope Hornnes. Arkivfoto (Foto: )

Droppar satsing på digitale læreverk

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Hovudpine, konsentrasjonsvanskar og teknisk krøll: elevar på vidaregåande skular er misnøgde med dei digitale læremiddela. Men no skal dei få skuleboka tilbake.

Slepp hovudverk

– Eg er veldig glad, seier Maria Hauge, tillitsvalt i 1D på Hafstad vidaregåande skule om skulen si avgjerd om å gå tilbake til skulebøker.

– No blir det mykje lettare å konsentrere seg og eg slepp å få hovudverk og bli tørr i auga av å stire på ein dataskjerm lenge i strekk, seier Maria.

I haust skifta dei vidaregåande skulane i fylket ut lærebøker med digitale læreverk i fleire fag.

På Hafstad har 1.-klassingane vore utan skulebøker i norsk, kroppsøving, samfunnsfag og naturfag, men til hausten får dei att bøkene i alle fag med unntak av kroppsøving.

Klar tale

Årsaka til at Hafstad snur, er at elevar og lærarar har gitt klar beskjed om at det er den gode gamle skuleboka som er best.

– Når generasjonar som har vakse opp med datamaskiner så klart seier dei ønskjer bøker, må vi ta det til etterretning, seier ass. rektor Henrik Arne Losnegaard til Bergens Tidende.

Trøblete skulekvardag

På Hafstad fortalde elevane om ein trøblete start på overgangen til den digitale skulekvardagen. Tekniske løysningar var ikkje på plass, lærestoffet var ei blanding av nynorsk og bokmål, og elevane fortalde om konsentrasjonsvanskar og hovudverk.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

I tillegg var ikkje alle dei berbare datamaskinene, som Fylkestinget vedtok skulle vere på plass til alle VG1-elevar i fjor haust, ikkje klare.

Men no får altså elevane att skulebøkene, noko Maria trur dei aller fleste på skulen vil glede seg over.

– Men det er klart at delar av dei digitale læremiddela har vore gode også, og skulekvardagen vil jo uansett vere delvis digital, seier Maria Hauge.

Artikkeltags