No får dei ambulansebåt

Bulandet i Askvoll kommune

Bulandet i Askvoll kommune Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Slepp overnatting etter besøk på legevakt

DEL

Heilt sidan Askvoll vart med i det interkommunale legevaktsamarbeidet har det vore diskusjon rundt retur av pasientar til øyane utanfor Askvoll. Problema oppstår på kveld og helg, når siste ferje til øyane er gått for kvelden. Då har pasientar måtte overnatte i Førde, for så å ta rutegåande transport dagen etter. Det er billegare enn skyssbåt mellom Askvoll og Bulandet/Værlandet.

Lang veg fram

– Det har vore mange rundar rundt returtransporten. Sist haust trudde vi det var løyst, etter at representantar frå helseføretaket var i kommunestyret og orienterte. Men det viste seg å ikkje vere slik vi vart førespegla. Pasientar som kom til Askvoll, til dømes med drosje, måtte sjølve betale båtskyss til øyane, og så kunne dei i etterkant søke om å få pengane tilbake. Dette var ikkje godt nok, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær.

Ho seier at den erfaringa som pasientane hadde, ikkje var god.

– Med det som bakgrunn tok eg kontakt med leiaren i styret for Helse Førde. Først og fremst for å få avklart kven som eigentleg hadde det overordna ansvaret. Vi diskuterte problemstillinga, og ho tok også kontakt med administrerande direktør Bolstad. Han tok kontakt med meg, og bad meg lage eit lite notat på problemstillinga. Det gjorde eg, og det vart sendt i mars i år, seier Melvær.

I brevet skildrar ho kollektivtilbodet til øyane. Og dei problema som har oppstått og kan oppstå. Tilbod om overnatting kan vere ei god løysing for mange, men langt dei fleste ønskjer seg heim att etter å ha vore hos legevakt. Dei har ofte ansvar for born eller eldre, husdyr eller anna. Mange av dei som bur på øyane har arbeid innanfor fiskeri eller offshore, og i slike periodar har den som er heime eineansvar, skriv ho. Ho viser til eit døme der det tok 26 timar før pasienten kom seg heim med kolletiv transport.

Ho legg til at i den store samanhengen handlar dette om få reiser. Kanskje 20–30 i løpet av eit år.

Fekk gjennomslag

Denne veka fekk Askvoll kommune svar frå Helse Førde. Der står det:

"Med bakgrunn i brevet frå ordføraren i Askvoll kommune har Helse Førde sondert moglegheitene for å finne ei løysing der pasientane med trafikale behov, likevel slepp å forskottere heimtransport etter at rutegåande transport har stoppa å gå. Vi har etter dette funne å ville prøve ut ei ordning der ambulansebåten utfører dei aktuelle turane. Rekvirering av båten vil i kvart høve skje via AMK. AMK vil utarbeide retningslinjer/rutine for rekvirerande. Dette vil då kunne skje utan utlegg for pasienten. I første omgang vil vi prøve ut denne ordninga i eit halvt år. Viss det ikkje oppstår utfordringar med ordninga som vi ikkje ser i dag, vil ordninga kunne gjerast permanent".

– Eg er veldig glad for denne løysinga. Dette er det vi har ønskt heile tida. Dette er avgjerande for at det skal vere forståing for å vere med i legevaktordninga, og eg er svært nøgd med at det no ser ut til å ha løyst seg. Eg ser det er innført som ei prøveordning, men håpar verkeleg at dette kan bli ei varig løysing, seier Melvær.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken