Arild Nybø" /> Arild Nybø" /> Gå til sidens hovedinnhold

No er Førde størst i fylket

Artikkelen er over 15 år gammel

For første gong i historia har Førde kommune fleire innbyggjarar enn Flora kommune. Førde har med det overteke posisjonen som den største kommunen i Sogn og Fjordane.

Det er kvartalstala til Statistisk Sentralbyrå for oktober, som for første gong viser at Førde er største kommunen, med 11.430 innbyggjarar. Flora har kome ned på eit folketal på 11.329.

Eine opp og den andre ned
Endringa skuldast at Flora har hatt ein relativt stor nedgang i folketalet siste kvartal, frå juli til oktober. Sjølv om kommunen hadde eit lite fødselsoverskot, så har det flytta så mange fleire ut enn det har flytta inn i kommunen. Dermed vart nedgangen på 80 personar for kystbyen.

Motsett har det vore for Førde kommune, der folketalet har auka med 60. Dette skuldast både eit stort fødselsoverskot og at det har flytta fleire til kommunen enn det har flytta frå han. Også nabokommunen Naustdal hadde ein auke i folketalet.

Nedgang i fylket
For fylket sett under eitt, er det framleis ein nedgang. Folketalet i Sogn og Fjordane minka med 255 siste kvartalet, trass i at det vart fødd mange fleire enn det døydde. Årsaka er fråflyttinga.

Eid dreg frå Gloppen
I Nordfjord har skiljet mellom folketalet i Eid kommune og Gloppen kommune auka, ved at Eid har hatt auke i folketalet og Gloppen har hatt nedgang. Om tilhøvet hadde vore omvendt, så ville Gloppen i dag hatt fleire innbyggjarar enn Eid.

Jølster og Selje jamstore
Jølster kommune er i ferd med å nå att Selje. Folketalet i Selje kommune gjekk ned med 11 og enda på 2.922 personar. I Jølster var det ein auke på 12, og sluttsummen vart 2.921 - berre 1 innbyggjar unna Selje.

Nedgang i store kommunar
I Sogndal har folketalet gått med 1, og er dermed så og seie uendra. Men store kommunar som Stryn, Vågsøy, Gloppen og Årdal har alle hatt ein større nedgang i folketalet. I høve til folketalet har også Gaular, Fjaler og Askvoll hatt ein stor nedgang i folketalet.