– No er Førde ein endå sunnare plass å bu

Den første Purmotion-timen gjekk av stabelen laurdag føremiddag, så dei første svettedropane er spilt.

Den første Purmotion-timen gjekk av stabelen laurdag føremiddag, så dei første svettedropane er spilt. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Det sa Arvid Andenæs før han klipte snora på nyopninga av Puls Førde på Handelshuset laurdag føremiddag.

Det myldra av treningshungrige folk som ville sjå på den nye storsatsinga til Puls. Då senteret opna i dag var det med 1300 kvadratmeter treningsareal på eitt plan i lyse, luftige lokale. Det er to år sidan Puls begynte å sjå etter nye lokale fordi dei trengte større kapasitet og eit meir moderne bygg.

– Det er veldig herleg. Her har vi fått sentral plassering, stor flate og god utsikt. Eg er sjølvsagt veldig fornøgd med resultatet, seier eigar Eirik Flatjord etter snorklyppinga.

Det nye anlegget har kosta rundt 15 millionar kroner.

– Det er ikkje noko idiotsatsing, det er gjennomtenkt og eg ser ingen risiko i dette, seier ein nøgd medeigar.

Hittil har Puls hatt 1250 medlemmer og med det nye senteret har dei kapasitet til å ta imot 2000.

– Så får vi sjå om vi får fleire opp frå sofaen, seier Flatjord.

– Sunn konkurranse

– De har fått ei fantastisk flott plassering. Dei som seier Førde ikkje utviklar seg, dei tar feil. Då eg kom til Førde var dette ein parkeringsplass. Med nyopninga av Puls er Førde blitt ein endå sunnare plass å bu, sa adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenes i opningstalen.

Han understreka at det er ivrig konkurranse mellom dei to treningssentera, Puls og Spenst, i Førde.

– Som det skal vere i næringslivet, meinte Andenæs.

Flatjord er einig i at konkurransen er positiv.

– Det er ekstremt sunt. At vi er to store aktørar gjer at vi pushar kvarandre og gjer kvarandre betre. Og så er det bra for Førde-folk som får betre treningstilbod.

Det ser det ut til at Førde-folk er einige i. På senteret laurdag krydde det av folk, nokre faste Puls-kundar, men også Spenst-kundar som var nysgjerrige og ville kike.

Nysgjerrige

– Eg er berre nysgjerrig og må sjå korleis det ser ut. Eg trenar på Spenst til vanleg og trur ikkje eg vil byte. Eg må vere lojal mot sentrum sør. Men det er stort areal med mange apparat her, som det sikkert er spanande å prøve, seier Siv Flekke.

Jon Strand (68) er fast Puls-kunde og er imponert av det nye senteret.

– Det ser veldig flott ut. Samanlikna med det gamle er dette eit godt løft. Det ser veldig oversiktleg ut. Det gamle fungerte jo bra, men dette er meir ope. Og så er det veldig lyst og fint, seier Strand.

Artikkeltags