No er det slutt for godt

M/F Gloppen har transportert folk og fe i meir enn 30 år, først mellom Askøy og Bergen. I kveld var det slutt. Her er ho på veg ut frå Lavik.

M/F Gloppen har transportert folk og fe i meir enn 30 år, først mellom Askøy og Bergen. I kveld var det slutt. Her er ho på veg ut frå Lavik. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ho har transportert folk og fe i storm og stille i meir enn 30 år. Tysdag kveld gjekk ho sin siste tur. Og ikkje alle er leie seg for det.

Vi snakkar om bilferja Gloppen som sidan 1992 har trafikkert E39-sambandet mellom Lavik og Oppedal i Høyanger kommune i Ytre Sogn.

Askøy-ferje

Dåverande Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane kjøpte søsterskipa M/F Bergen og M/F Herdla frå Rutelaget Askøy - Bergen AS då Askøybrua opna i 1992. M/F Bergen fekk namnet Gloppen, medan M/F Herdla vart til Nordfjord.

– Når Gloppen no vert teken ut av drift, er det ein bauta på sjøen som takkar av. Eg lyt vedgå at det er litt vemodig, seier maskinsjef Fred Schrøen Tofting og tek Firda med ned i maskinrommet. Ein Wichmann på 2300 hestekrefter driv Gloppen framover i 10-12 knop med berre 290 omdreiningar i minuttet.

– Dette er skikkeleg saker, slår Tofting fast og legg til at maskina har passert 193.500 driftstimar, noko som tilsvarar meir enn 22 år med samanhengande gangtid.

Bygd for ei anna tid

Då Firda går om bord, tek eit vogntog med lang og låg hengar nedi knekken på ferjedekket.

– Mykje har endra seg sidan Gloppen vart bygd i 1984. Mellom anna er mange køyrety blitt både lengre og lågare, og ved ugunstig vasstand har Gloppen hatt vanskar med at lange bussar og lange tilhengarar har blitt sitjande fast, forklårer kaptein Frode Monsen til Firda.

Ein gladdag

Sjølv om det for nokre er vemodig når Gloppen no vert teken ut av drift, er det for andre ein gladdag. Ein av dei er den røynde yrkessjåførenTerje Mo, ekspressbussjåfør i Firda Billag.

– Personleg må eg seie at eg verkeleg har sett fram til at Gloppen forsvinn frå Lavik - Oppedal, seier Mo til Firda.

Mo meiner at Gloppen ikkje har noko å gjere på eit så trafikkert samband, og at ferja for lengst burde ha vore teken ut av drift.

– Eg har stått bom fast og ikkje kome av flekken på grunn at ferja er slik konstruert at lange køyrety kan få problem ved høg og låg sjø. Av og til måtte vi leggje sliskar under hjula for å kome i land eller om bord. Heldigvis er mannskapa i Fjord1 hjelpsame og alltid på pletten dersom det oppstår problem, slår Mo fast.

Samansveisa interkommunal gjeng

– Eg er velsigna med eit godt samansveisa mannskap! seier skipper Monsen og fortel om billettørar frå Lavikdalen og Atløy, styrmann frå Holmedal, motormann frå Trysil, kiosksjef frå Sandane, maskinsjef frå Alversund og han sjølv som kjem frå Rossland i Meland.

– Eit solid skip og eit samansveisa mannskap gjer at arbeidsdagen min går smertefritt. Gloppen har vore ei veldig driftssikker ferje, og mannskapet er ein flott gjeng som samarbeider godt. Det er viktig i ein hektisk og stressande arbeidsdag med stor trafikk og ein og annan hissig vegfarande, seier skipper Monsen som no tek med seg mannskapet og flyttar over til M/F Sogn som skal erstatte Gloppen.

Tung og retningsstabil

På brua møter vi styrmann Øyvind Leiknes Krogenes frå Holmedal. Han er òg full i lovord over både skip og mannskap.

– Gloppen har vore ei fin ferje å jobbe på. Ho er tung og god, retningsstabil og kjekk å manøvrere, fortel Krogenes.

Men ikkje når den berykta austavinden på Sognefjorden tek tak og grev opp tung sjø. Spesielt nordausten kan vere ei plage.

– Vert det for gale må vi tenkje på passasjer og bilar. Då vert det kryssing for å unngå slingring og at det kjem mykje sjø inn dekk, seier styrmannen.

Uviss skjebne

Klokka 19:00 tysdag kveld gjekk Gloppen sin aller siste tur frå Lavik til Oppedal. Klokka 08:00 onsdag morgon tidleg tek den fleire år eldre M/F Sogn over stafettpinnen. Ho skal gå i sambandet fram til 1. januar då eit nytt reiarlag tek over trafikken. Kva som skal skje med Gloppen er uvisst.

– Kanskje finst det eit reiarlag som vil kjøpe den gamle slitaren og gje ho eit nytt liv? Viss ikkje vert ho hogga, seier driftssjef Torbjørn Vik i Fjord1 Fylkesbaatane.

– Kvifor tek de Gloppen ut av trafikk når det er så kort tid att til den nye operatøren tek over sambandet?

– Gloppen er berre sertifisert ut august månad. Men vi hadde nok teke ho ut av drift ved nyår uansett om vi hadde fått kontrakten på Lavik - Oppedal, slår Vik fast.

Artikkeltags