Etter to års drift flyttar Else Marie og Rolf Ivar Skår frå Dale og legg ned Fossen bryggjeripub.
– Det har vore ei veldig vanskeleg avgjerd å ta, men det er noko vi har tenkt på lenge. Det ligg både økonomiske og private grunnar bak, meir ønskjer eg ikkje å seie om dette, seier Else Marie, som har stått bak den daglege drifta av puben.
Vil sleppe konkurs
Også drifta av Dale Kro og motell gir ekteparet seg med når dei no flyttar frå Dale til Rolf Ivar sin heimstad, Skedsmokorset. Paret tok over drifta av Dale kro og motell i april 2012 etter at det gjekk konkurs. Kva som skjer vidare no med motellet, veit ikkje paret.
Else Marie er allereie på plass i nytt hus på Skedsmokorset medan ektemannen og yngstesonen kjem etter ved skuleslutt.
Paret starta opp Fossen bryggjeripub i mai for to år sidan. Konseptet har vore å servere tapas av lokal mat og tilby gjestane 150 ølsortar.
– Konseptet er svært godt og eg har verkeleg tru på det, men eg ser at det dessverre ikkje er kultur i Dale for å gå ut. Og då blir det tøft å drifte det økonomisk. Eg føler det er like greitt å legge ned no for å sleppe at det går konkurs, seier Else Marie.
Samstundes som paret opna puben for to år sidan, starta Rolf Ivar opp mikrobryggjeri der han lagar sitt eige øl. Nyleg opna han utsal med 100 sortar øl og han planlegg no fleire slike butikkar.
Ny drift på Austlandet
Paret leiger lokalet puben er i. Kva som skjer her når puben stenger dørene 20. august, kan ikkje Else Marie kommentere, sidan det er pågåande forhandlingar. Fram til stenging vil drifta gå som normalt.
Det er sju tilsette ved puben og to ekstrahjelparar. Else Marie fortel at ho vurderer å starte opp same konsept på Austlandet og at dei tilsette har fått tilbod om å vere med vidare.
– Mange av dei har lyst til det. For vi har eit godt konsept, men dessverre går folk her i Dale altfor lite ut og kosar seg. Folk sit heime og har vorspiel der og går ut seint på natta. Då blir det ikkje lett å drifte ein pub.
– Om ikkje alle i bygda støttar opp om eit slikt konsept, så går det ikkje å drifte det. Sjølv om matsalet på dagtid har gått greitt, så har det vore lange timar på kveldane utan særleg sal.
– Som ektepar har vi gjort mykje for bygda. Men no er det slutt, det trist, men business er business, seier Else Marie Skår.