No byrjar rivinga av Vikenhuset

Rivinga av Vikenhuset er byrja. - Vi effektuerer eit lovleg vedtak, seier brannemister på Jølster, Arve Dvergsdal

Rivinga av Vikenhuset er byrja. - Vi effektuerer eit lovleg vedtak, seier brannemister på Jølster, Arve Dvergsdal Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Jarle Helgheim vert no vitne til at huset han har jobba hardt for å verne vert rive.

DEL

– No er eg spent på kulturen i bygda si framtid, seier ein prega Jarle Helgheim til Firda i dag. Frå si eiga stove er han vitne til at huset han lenge har jobba hardt for å verne no vert rive.

Venta framleis svar

I dag starta Jølster kommune den omstridde rivinga av Vikenhuset på Skei.

Det skjer mindre enn ei veke etter at kommunestyret fatta vedtak om å ikkje ta opp att saka om Vikenhuset, trass i at mange har engasjert seg sterkt i vern av huset gjennom Vikenhusets vener.

Seinast første oktober kunne Firda fortelje om eit brev sendt frå Vikenhusets vener til Riksantikvar Jørn Holme, der dei bad om mellombels freding av huset. I dag er rivinga starta før Vikenhusets vener har klara å komme i kontakt med Riksantikvaren.

Set i verk gyldig vedtak

– Vi har eit gyldig vedtak i denne saka og vi har orientert riksantikvaren om både dette og tidlegare vedtak. Vi føler ikkje at det vi no gjer skjer for tidleg, seier rådmann i Jølster kommune, Bærge Tvedt.

Prosessen kring Vikenhuset har vore lang, med mange intereressentar både for og imot riving. Rådmannen er trygg på at alle har fått høve til å uttale seg i saka, og at det no er rett å setje i verk riving så snart som mogleg.

– Det er viktig at lokalpolitikarane får bestemme over sitt eige område, seier Tvedt.

Riving på dugnad

Gravemaskin er på plass og sikringsarbeidet er komme i gang.

Kommunen må framleis utarbeide HMS-planar og legge ein plan for sjølve rivinga, som skjer på dugnad.

Arbeidet med å plukke ut det som skal takast vare på som dører, omnar og skifertak startar umiddelbart, men kor lang tid rivinga vil ta torer Tvedt ikkje seie noko sikkert om.

Les også:

– Blir huset rive er det på grunn av prestisje og manglande respekt

Står samla om å verne huset som skulle rivast

Tilbyr hestehandel

Utflytt Jølstring tilbyr seg å flytte Vikenhuset

Fylkesmannen vil rive - saka til Sivilombodsmannen

Slutt for Vikenhuset

– Riving er den beste løysinga

Kampen om Vikenhuset er ikkje over

Skal rive Vikenhuset

Artikkeltags