No blir dekk-krava strengare

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Frå nyttår vil tunge køyretøy få påbod om vinterdekk på alle hjul.

Frå 15. november

Forrige haust vart det påbode med vinterdekk for tungbil over 3500 kg med unntak av løfteakslingar. Av hensyn til trafikktryggleiken er det naudsynt å utvide dette påbodet. Utvidinga fører til at bilar og tilhengarar til bilar som kvar har tilleten totalvekt over 3500 kg vil det bli påbode med vinterdekk på alle akslingar frå 1. januar 2015. Det melder samferdsledepartementet.

Vinterdekkpåbodet vil gjelde i perioden frå 15. november til 31. mars.

For tryggare vintervegar

– Eit påbod om vinterdekk på store bilar og tilhengarar vil gjere det tryggare å ferdast på norske vintervegar. Både for sjåførane av desse bilane, men også for alle oss andre, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i pressemeldinga.

Då vinterdekk for enkelte dekkdimensjonar på tunge kjøretøy kan være lite tilgjengelig, vil det bli etablert overgangsordningar.

Køyretøy som er 30 år eller eldre og som ikkje blir brukt i kommersiell transport, køyretøy som blir brukt i anleggsarbeid og til og frå slike anlegg, mobilkranar, og køyretøy i forsvarets teneste som hovudsakleg køyrer i terreng, er unnlatne kravet.

Artikkeltags