Nils R. Sandal klar for ny runde som fylkesordførar

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Nils R. Sandal (Sp) har bestemt seg for å ta attval som fylkesordførar i Sogn og Fjordane i fire nye år.

DEL

Etter det firda.no kjenner til har Senterparti-politikar Nils R. Sandal frå Gloppen bestemt for å ta attval som fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Om han vert attvalt og sit heile perioden, vil han tilsaman få 12 år bak seg som fylkets fremste folkevalde.


Lang karriere

Førre fylkesordførar som heldt i 12 år i vervet var Ola M. Hestenes, frå 1976 til 1987. Til liks med Sandal kom han frå Gloppen og representerte Senterpartiet.

Gardbrukar og sjåfør Nils Reielson Sandal er fødd i 1950, og vart valt til fylkesordførar i 1999 etter Knut O. Aarethun (Ap), som sat i fire år. Han var ordførar i Gloppen kommune frå 1987 til 1999, og var varaordførar to år før det.


Val neste haust

Neste kommune- og fylkestingsval i Norge skal haldast 10. september 2007. Regjeringa har bestemt at valet neste haust skal haldast på vanleg måte, sjølv om det er eit mål å erstatte dagens fylkeskommunar med nye regionar frå 2010.

Artikkeltags