Nesten 100 ingeniør-søkjarar

No skal det utdannast ingeniørar som kan jobbe opp mot oljeindustrien. Her er oljebasen i Florø.

No skal det utdannast ingeniørar som kan jobbe opp mot oljeindustrien. Her er oljebasen i Florø. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

- Vi er godt nøgde med søkjertalet, seier Øyvind Østrem.

DEL

Den nyoppretta Subseautdanninga i Florø presenterte i dag søkjartala for utdanninga som startar til hausten.

95 har søkt om plass ved utdanninga.

– Vi er godt nøgde med talet. Vi har ikkje vore ein del av samordna opptak, på grunn av at prosessen ikkje var komen langt nok då fristen gjekk ut, seier studiekoordinator Øyvind Østrem i ei pressemelding.

Få jenter

Frå tala framgår det at 43 % av søkjarane er frå Sogn og Fjordane.

– Det er gledeleg at så mange frå Florø og Sogn og Fjordane har søkt. Desse kan bli tilgjengeleg arbeidskraft for arbeidsplassar i Sogn og Fjordane om dei frå plass, seier Østrem.

Eit tal som derimot ikkje var like tilfredsstillande, var talet på jenter som har søkt ved utdanninga. Berre 20 % av søkjarane er jenter.

– Vi skulle gjerne hatt fleire jenter, her må det nok jobbast endå betre for å få jentene til å få opp auga for utdanninga.

«Ny» studentby

– Ein del av studentane har søkt på HiB si tilsvarande utdanning, og det er fleire som har søkt andre studium. Så det er framleis uvisst kor reelle alle søknadane er. Men det er kjekt at så mange har søkt, seier Østrem.

I pressemeldinga står det at i perioden medan svarbreva vert sendt ut, vil søkjarane bli følgd opp med informasjon om Florø som studentby.

– Det vil vere viktig for oss å gå ut med informasjon om hybeltilbodet vi har, og få fram kva vi har å tilby. Vi er ein «ny» studentby, seier Østrem.

Av søkjarane er 63 % mellom 19 og 25 år. 16 % er over 30 år.

Artikkeltags