– Det er fantastisk å sjå at folk stiller opp og er med, både gamle og unge, seier festivalleiar Janne Eikås og speidar utover alle dei frammøtte ved Kjøsnesfjorden.

I helga gjekk den første utgåva av Jølster Friluftsfestival av stabelen og ho kallar det ein suksess.

Heimesnikra hopp

Mange hadde møtt opp for å sjå og hoppe på det heimesnikra hoppet til Andre Sægrov. Ei smal snørenne leia ned til vasskanten der eit hopp bygd opp av europallar og plank førte dei modige ut i det kalde vatnet


Sogn og Fjordane SV sin stortingskandidat, Vibeke Johnsen og prest i Jølster Vidar Bjotveit tok seg ein dukkert under Jølster frilutsfestival.

– Eg grua meg litt og trudde det skulle vere kaldt, men når eg landa kjendest det faktisk litt varmt ut. Men etterpå der igjen heldt eg på å fryse av meg fingrane, seier Jakob Slåtten (8).

Mange fekk med seg hoppinga i Kjøsnesfjorden og føredraga i festivalcampen Borgja, men grunna vêret var ikkje oppmøte det største på alle aktivitetane. Fleire fekk likevel prøve seg på klatring, topptur, paintball og anna moro i Jølster. Grovt rekna var det 400 stykke innom dei ulike aktivitetane.


Festivalleiar Janne Eikås.

– Det viktigaste er å auke interessa for naturen Jølster og områda rundt. Alle aktivitetane har vore ein suksess og eg trur dei som vegra seg for å bli med angrar no når dei ser kor fint det var, fortel festivalsjefen med eit smil.

Pudderføre

Berre fire stykke var med på den organiserte toppturen opp på Ola Hansen laurdag, men dei angra absolutt ikkje.

– Øvste delen var pudderføre og det var ganske bra heilt ned til skoggrensa. Og så var det veldig god timing at det klårna opp når vi var kommen på toppen. Eg tykkjer det er kjekt at det skjer noko og då må ein prøve å støtte opp under det, seier turleiar Brit Siw Fimland.

I tillegg tok ein gjeng turen opp på eige initiativ.

Vil utvide

Festivalleiaren kallar historias første Jølster Friluftsfestival for ein suksess, trass at deltakartalet kunne vore høgare. Neste år er planen å utvide.

– Vi var ikkje heilt sikker på kva vi starta, men trur at vi har funne det ut no undervegs. Vi ønskjer å satse stort og ta med større delar av Sunnfjord. Sjå berre kva dei fekk til i Florø med Våt Moro og Fjellsportfestivalen i Sogndal. Denne festivalen skil seg likevel litt ut, det finst ikkje så mange festivalar for familien og ungane. Det er så viktig at vi får vist kva vi har å tilby her og så kan ein samstundes vise at Førde ikkje berre er fotball og handlesenter. Vi har no starta med Jølster, men ønskjer å få med oss eldsjeler på tvers av kommunane, fortel Janne Eikås.

La sin elsk på Jølster-fjella

Ein kompisgjeng som er busett i Oslo har lagt sin elsk på Jølster-fjella. I helga tok dei turen for å besøke Jølster Friluftsfestival.

– Eg elskar det. Vi har vore her fleire gongar og opplevd Jølster i all slags vêr, seier Kristine Telle.


Det er blitt ein tradisjon for kompisgjengen Håvard Sørlie, Kari Haugjord, Øyvind Aastad Kjøs, Vebjørn Rimala Herfjord og Kristin Telle å besøke Jølster og Olav Sægrov, som også er busett i Oslo, for å gå på dei mange toppturane i området. Sægrov-brørne Andrè og Olav er godt kjende på dei fleste toppar i kommunen og driv nettstaden skifantomet.com, med turbeskrivingar til fleire toppturar.

– Toppturane er så tilgjengeleg her. Vi reiser til fjells så ofte vi kan i Oslo også, men det er om lag tre timar til næraste topptur om vinteren. På denne tida av året kan det ta opp mot 6–7 timar før ein har ski på beina. Og så er det veldig greitt å ha med seg folk som er lokalkjende, fortel ho.

Stor skilnad

Då er det ein stor skilnad å komme til ein kommune der ein kan velje mellom eit titals toppar innanfor ein times radius.

– Det er veldig variert og når forholda er gode er det heilt topp her. Vi har og hatt nokre turar som ikkje har vore så bra grunna vêret, men slik er det alle plassar. Ein finn rett og slett ikkje slik moglegheiter så mange andre plassar i Norge, seier Vebjørn Rimala Herfjord.

På laurdag tok dei turen opp til Ola Hansen, eitt av dei mest besøkte fjella på vårparten i Jølster.