Neppe Engebø-svar før jul

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Trass krav frå både Nordic Mining og Naustdal kommune kjem det neppe svar frå regjeringa, på om dei får sette i gang gruvedrift i Engebøfjellet, før jul. Det skriv NRK Sogn og Fjordane fredag.

Departementet og Miljødirektoratet reknar om lag tre månader handsamingstid for utsleppsløyvet, skriv NRK.

Tidlegare denne veka la Nordic Mining fram dei siste tilleggsutgreiingane om botn- og straumforholda i Førdefjorden. Selskapet blei pålagt å gjere fem tilleggsutreiingar for partikkelspreiing, biologiske undersøkingar, teknisk plan for deponering, bore- og spreningsmønster og tilførsel av ferskvatn.

I rapporten konkluderte Nordic Mining med at fjorddeponi er ei trygg miljøløysing. Det får Tina Andersen Vågenes, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, til å rase.

– Vi veit nok til å seie nei. Ei rask avgjersle krev at miljøministeren lyttar til fakta. Miljøministeren har kunnskapen på bordet og må seie nei til søknaden, seier Vågenes.

Les meir om rapporten: – Ei trygg miljøløysing

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, meiner regjeringa må komme med ei rask avgjerd.

– Denne saka har teke urimeleg lang tid. Den starta opp i 2007 med planprogram. Føresetnaden den gongen var at det skulle ta tre år å handsame saka, så det er heilt uakseptabelt at denne saka har teke så lang tid, seier Myrvang til NRK.

Les også:

Artikkeltags