Det gjekk litt vel raskt for mannen som råkøyrde gjennom Fodnes-tunnelen for å nå ferja frå Fodnes til Mannheller. Fotoboksen blinka idet austlendingen i 30- åra køyrde forbi i 154 km/t i 80- sona.

Meiner farten var høgre enn han blei dømd for

Mannen sjølv hevdar at han køyrde endå raskare enn dette; speedometeret viste nemleg 160 km/t, meiner han.

Men Sogn tingrett let seg ikkje imponere og meinte dette var skjerpande sidan mannen trudde farten faktisk var endå høgre enn det som var lovleg.

21 dagars fengsel

I tillegg hadde mannen ein passasjer med i bilen, noko retten heller ikkje ser formildande på. Men at tiltalte tilstod saka, meiner dei derimot tel positivt.

I Sogn tingrett blei mannen dømd til fengsel i 21 dagar. Han må også greie seg utan lappen i 22 månader og må ta ny førarprøve etter den tid.