Nasjonal pris til Førde bibliotek

GLAD VINNAR: Biblioteksjef Marie Dombestein får blomar frå Ellen Horn, sjef for Riksteatret. Foto: Katrine Sele.

GLAD VINNAR: Biblioteksjef Marie Dombestein får blomar frå Ellen Horn, sjef for Riksteatret. Foto: Katrine Sele. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Biblioteket får pris for ei utstilling om kvinner i krig.

DEL

Konkurransen vart utlyst av Riksteatret og Norsk biblioteksforeining, og bibliotek frå heile landet har send inn dokumentasjon frå utstillingar dei har laga. Førde bibliotek stakk av med prisen, og får no heider i biblioteks-Norge.

– Stillferdig men viktig

– Biblioteket er ein stillferdig institusjon, men like fullt ein av dei aller viktigaste kulturinstitusjonane vi har, seier sjef for Riksteatret, Ellen Horn, som tysdag delte ut blomar til biblioteket

– Biblioteket er dessutan ein rekrutteringsbase til kulturlivet generelt. Mi eiga teaterinteresse vart vekt av Tønsberg folkebibliotek.

Utstillinga som vann førsteprisen, vart laga i fjor i samband med Riksteatrets framsyning «Min forestilling om mor». Stykket er laga og framført av skodespelaren Bente Børsum, og handlar om mora hennar Lise Børsum som dreiv motstandsarbeid under krigen. Ho hamna i konsentrasjonsleiren Ravensbrück. Då ho kom heim, greidde ho ikkje lenger å leve slik ho hadde før, og forlet difor familien. Og Bente.

Auka utlån

Bibliotekarane Torunn Rygg og Guri Aalhus lagde utstillinga som tematiserte kvinner i krig. Den viste mellom anna tekstar og bøker om Ravensbrück, motstandssymbol frå krigen som binders i jakkeslaget og nisselue, og andre krigsminne.

– Vi lagar utstillingar for å utvide kunnskapane og interessefelta til publikummet vårt, seier bibliotekssjef Marie Dombestein.

Utstillinga førte til auka utlån av krigsbøkene som var utstilte, og truleg også auka interesse for framsyninga til Riksteatret.

Grunngjevinga for prisen var som følgjer: «Juryen mener utstillingen er godt gjennomarbeidet med gode illustrasjoner og forklarende tekster om blant annet norske kvinners innsats, om konsentrasjonsleirer generelt og om Ravensbrück spesielt.»

Prisen frå Riksteatret er på 15 000 kroner til utstillingsutstyr, som Førde bibliotek mellom anna skal bruke på eit nytt glasmonter.

Artikkeltags