Nærings-Petter vil satse på kultur

- Bruk ho med vit, sa avtroppande ordførar Kjartan Longva då han gav ordførarklubba til Petter Sortland, før han gratulerte Sortland med valet og ønskte den nye ordføraren og heile kommunestyret lykke til.

- Bruk ho med vit, sa avtroppande ordførar Kjartan Longva då han gav ordførarklubba til Petter Sortland, før han gratulerte Sortland med valet og ønskte den nye ordføraren og heile kommunestyret lykke til. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Petter Sortland vart ordførar i Høyanger torsdag.

DEL

Eit samla kommunestyret valde Petter Sortland (Ap) til ordførar og partifella Solveig Løvik Norevik til varaordførar torsdag ettermiddag. Sortland er glad kommunen no vil satse på kultur igjen, ti år etter at kultursjefstillinga vart offer for sparekniven.

Satsar på kultur igjen

Kommunestyret har også samla seg om ein ny organisasjonsmodell, der kultur og kommunikasjon vert eitt av fire tenesteområde. Kommunen vil med det første lyse ut ein kultursjefstilling. Utpå nyåret håpar den nye ordføraren at kommunen kan tilsetje ein kultursjef.

- Det er ei viktig sak. Vi ser at vi har forsømt oss over tid. Det var ein tabbe å leggje ned stillinga. Dei fleste kommunar er gode på barnehagar, helse og sosial, og vi konkurrerer om dei same innbyggjarane. Dei som har gode tilbod til barn og ungdom scorar best, trur Sortland.

Sin eigen stil

Den politiske nykommaren ser på Longva som ein politisk læremeister, og har i fleire samanhengar samanlikna å ta over vervet som å hoppe etter Wirkola.

- Han har gjort ein formidabel jobb for Høyanger. Men han har sin stil og eg har min. Det er ikkje nokon vits i å prøve å kopiere, for kopien vert alltid dårlegare enn originalen, meiner Sortland, som håpar å vere ein samlande lagspelar.

Artikkeltags