Når sola skin over Hafstadfjellet ...

Samora-gjengen håper å snart vere tilbake på scena på Sommarfesten. F.v. Peter N. Bengtsson, trommer, Asbjørn R. Stigedal, sologitar, Eirik Henden Aaraas, vokal, Anders Aga Ulvestad, rytmegitar, og Kim André Danielsen, bassgitar.

Samora-gjengen håper å snart vere tilbake på scena på Sommarfesten. F.v. Peter N. Bengtsson, trommer, Asbjørn R. Stigedal, sologitar, Eirik Henden Aaraas, vokal, Anders Aga Ulvestad, rytmegitar, og Kim André Danielsen, bassgitar. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Slik begynner den nye Førde-songen.

DEL

Under Sommarfesten i Førde laurdag framførte Samora Førde-songen offentleg for første gong, om bading i Anga, sol over Hafstadfjellet og vennskap og samhald.

FØRDE-SONG

Når sola skin over Hafstadfjellet,

veit vi våren er komen på ny.

Snart skal vi bade langs Angas strender –

under ein himmel blå – utan ei sky.

Refr.

Vi bur i Førde og har det så bra.

Akkurat no gjer du meg så glad!

Eit smil frå ein ven, eit hei frå ein annan –

i Førde her har vi det fint i saman.

Kvar enn vi reiser, vi vil tilbake,

her har vi vener som tar oss i mot.

Her har vi fjella som alltid lokkar –

vakre Førde, her vil vi slå rot.

Refr.

Vi bur i Førde osb.

Musikk/melodi: Samora

Tekst: Margrethe Henden Aaraas

«Førde Framover» utlyste konkurransen, og vinnarane i Samora (eit namn som sologitarist Asbjørn R. Stigedal skribla ned i ein time på skulen) får 10 000 kroner som går til trommesett og leige av øvingslokale.

Bandet håper at Førde-songen vert spelt på radio og på fotballkampar og andre tilskipingar.

Anne Mette Hjelle i «Førde Framover» fortel at alle kan bruke songen. Ei innspeling vert lagt ut på deira nettside, og på iTunes og YouTube.

Artikkeltags