Når det regnar på presten ...

VÅTT: Sokneprest Stein Hugo Fykse og konfirmantane Miriam Ålen, Ingrid Storehaug, Linn Marie Leknes og Kariann Russnes kom til ei kyrkje der det regna rett ned på alteret.

VÅTT: Sokneprest Stein Hugo Fykse og konfirmantane Miriam Ålen, Ingrid Storehaug, Linn Marie Leknes og Kariann Russnes kom til ei kyrkje der det regna rett ned på alteret. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Så dryp det på konfirmantane i Kvammen kapell.

DEL

– Det regna rett ned på alteret og området kring alteret då vi kom inn i kyrkja, fortel sokneprest i Askvoll, Stein Hugo Fykse, som var i kapellet saman med konfirmantane for å førebu konfirmasjon.

Regna rett inn

– Vi vart overraska alle saman. Konfirmantane kanskje mest, seier Fykse.

Sjølv var han overraska over mengda vatn, men er ikkje ukjend med at det lek i kapellet, som er det nyaste av kyrkjebygga i Askvoll.

– Eg har fått dropar i hovudet under gudsteneste tidlegare også. Ein gong skvatt eg til då ein drope datt rett ned i altervinen. Men slik lekkasje som det som er no har eg ikkje sett før, seier Fykse.

Gjennomvått

Sjølve alterringen var heilt våt. Det same er teppet i heile alterområdet. Døypefonten var halvfull av skite vatn. Alterbibelen var også gjennomtrekt av vatn.

– Det var ikkje anna å gjere enn å ta det med godt humør. Vi gjorde det vi kunne for å få gjennomført øvinga, og la nokre regnjakker på alterringen slik at ikkje konfirmantane skulle bli heilt gjennomvåte, seier Fykse.

Han prøver å sjå lyst på det, og seier at det var godt det var på øvinga, og ikkje sjølve konfirmasjonsdagen dette skjedde.

– Men dette er eit problem. Inventar blir øydelagt. Sjølve kyrkjebygget får skader som det kan bli dyrt å ordne. Det er soknet som eig kyrkja, men vi er avhengige av kommunale løyvingar til vedlikehald, seier Fykse.

Stor vedlikehaldsbehov

– Denne gongen var det beslaget på taket som hadde blåse av. Dermed fungerte opninga nærast som ei trakt, seier kyrkjetenar Harald Ålen.

Han seier vaktmeisteren no skal feste beslaget med lim igjen, og at dette vil hjelpe ein del.

– Men det lek stadig inn i kyrkja fleire stader, seier Ålen.

Både han og Fykse peikar på at

det som er mest uverdig er når det dryp på kistene under gravferder i kapellet.

Ordføraren vil gjere noko

Ordførar Aud Kari Steinsland i Askvoll er klar i talen når ho høyrer om episoden i Kvammen kapell.

– Dette er ikkje verdig. Dette må gjerast noko med, på kort sikt i første omgang, og seinare på lang sikt, seier Steinsland.

Artikkeltags