Jakob Sande-musikalen «Storm frå nordvest» selde 4450 billettar og vart den store publikumssukssen til Soft i år.

Mindre enn fjoråret

Med over 16 500 selde billettar på åtte produksjonar ligg Soft om lag 3500 besøkjande under fjoråret, men informasjonssjef Leila Øvreseth er likevel godt nøgd med teateråret 2007.

– Vi har hatt eit veldig fint år, og tala er som forventa, seier Øvreseth til firda.no.

Ho forklarar nedgangen med at framsyningane «Mikal Hetles siste ord» og «Rekneprinsen» vil kome over på 2008-budsjettet.

Spesielt framsyninga om Hetle-saka ser ut til å bli ein ny publikumsvinnar.

Før året er omme vil denne framsyninga ha hatt sju fulle hus i Førde, inkludert to prøveframsyningar. Turneen utanfor Førde vil starte på Sandane 4. januar og vert avslutta i Bremanger 2. februar.

Familieframsyning

Noko av neste års repertoar er allereie klart og ifølgje Øvreseth vil det bli eit variert program.

– Neste års hovudproduksjon og storsatsing blir Oliver Twist av Charles Dickens. Dette stykket er ei familieframsyning som kjem til å gå i heile fylket.

Andre framsyningar neste år er «To skilte menn» og barneframsyninga «Magiske historier».