Mystisk rovdyr herja i saueflokken

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Jan Magne Hauge miste to sauer på mystisk vis, og den tredje er borte vekk.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det skriv avisa Firda i dag, fredag.

- Eg er ganske sikker på at det ikkje er gaupe. Bita likna heller ikkje på jerv, seier Ingjald Hauso i Naturoppsynet til avisa.

Måtte slakte

Søndag kveld fann sauebonde Jan Magne Hauge ein sau med kraftig bit på halsen på bøen sin. Sauen hadde også bit på eine sida av kroppen, og var blodig. Hauge såg ikkje anna utveg enn å slakte den.

Kort tid etter fekk sau nummer to dødsdommen. Kraftig bit på nedste del av halsen gjorde at han måtte slaktast.

Mystisk

Bonden Hauge fortel at han ikkje har høyrt om andre bønder i nærleiken som har fått sauene sine mishandla på denne måten av rovdyr.

- Eg vil ikkje spekulere så mykje i kva rovdyr som kan vere ansvarleg for saueslaktinga, men eg er ganske sikker på at det ikkje er gaupe. Bita likna heller ikkje på jerv. Bjørn vil eg helst ikkje nemne, seier Hauso.

Han forklarer at det heile er ganske mystisk.

Artikkeltags