Mykje røyk, svart i folk

Mykje folk under brannbilparaden og brannøvinga i Florø i ettermiddag.

Mykje folk under brannbilparaden og brannøvinga i Florø i ettermiddag. Foto:

Rådmannen fira ned som sistemannn

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Fjordsteam i Florø ser ut til å bli ein kjempesuksess. Laurdag ettermiddag var det kanskje bort imot 10 000 menneske i Florø-gatene.

Eitt av mange populære innslag var paraden med gamle brannbilar frå Bergen brannvesen, som avslutta med brannøving på rådhuset. Med røyklegging, stigebil og full innsats av dei gamle brannbilane.

- Truleg er dei i betre stand enn mange dei som står rundt om på bygdane i Sogn og Fjordane, lydde ein av kommentarane.

Rådmannen

Sistemann som blei "berga" ut frå 4. etasje var rådmannen.

- Hev han opp att, var ein av kommentarane frå folkedjupet, som aldri sviktar med ein bitane humor i kystbyen.

Eigen tropetist

Og bergensarane var heller ikkje smålåtne. Brannvesenet hadde med seg eigen tropetist som avslutta øvinga med Nystemten og alle i stram giv akt for den bergenske nasjonalsangen.

Artikkeltags