Muslimar og katolikkar får ikkje senter på Hafstad

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Mot Ap, SV og KrFs fire røyster vedtok fleirtalet i planutvalet i Førde at trussamfunn som muslimar og katolikkar ikkje skal få ha forsamlingshus i den nye Hafstad bydel likevel.

DEL

Dermed rår uvissa igjen om kvar slike trussamfunn skal få halde til i Førde, medan politikarane ved kvar krossveg forsikrar at dei tek oppgåva med å skaffe tilhaldsstad alvorleg.

Nok støy om støy

Vedtaket vart gjort etter ein debatt der særleg KrF og Høgre vart ståande som motpolar. Bjørn Harald Haugsvær (KrF) var oppteken av ansvaret kommunen har for å skaffe også andre trussamfunn tilhaldsstad. Han meinte det no hadde vore nok støy rundt saka, og bad kommunen stryke det famøse decibelkravet på 55 dB for bønerop i planføresegnene.

Høgres Eva Marie Halvorsen var derimot oppteken av at det måtte sikrast areal til eventuell utviding av Hafstad vg. skule, som grensar inntil området kommuneplanleggjarane hadde tiltenkt dei andre trussamfunna.

Artikkeltags