Gå til sidens hovedinnhold

Mowatt går frå Helse Førde-styret

Artikkelen er over 11 år gammel

- Helse Vest skyt oss ned gong etter gong.

Torsdag oppnemnde styret i Helse Vest styra i helseføretaka.

Der står det om Helse Førde:

«Helse Førde er inne i ein krevjande strategiprosess. Styret i Helse Vest reoppnemner derfor det sitjande styret og vil gjere ei ny vurdering av styresamansetjinga i Helse Førde i august i år:»

– Dette var dropen som fekk det til å renne over, seier Mowatt.

Tilliten og respekten er borte

– Eg har ikkje lenger tillit til eller respekt for Helse Vest. Dei skyt oss ned gong etter gong, og er no ute etter å redde sitt eige skinn, seier Mowatt.

Han reagerer sterkt på at styret no skal sitje på nåde fram til august.

– Dette er berre toppen av isfjellet. Det har vore mange stikk, eller meir skot, mot Helse Førde. I eit intervju med Fjordabladet uttrykte styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen, heile vegen mistillit, både til direktør og styre i Helse Førde. Vi vart lova eit utstyrsbudsjett på 50 millionar. Vi fekk 20. Det er mange ting som ligg under, og som no toppa seg i at styret sit på nåde, seier Mowatt.

Går på dagen

– Eg har varsla styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, om at eg går på dagen. Eg har også vore i kontakt med andre i styret. Det ser ut som dei vel å halde fram, og det har eg respekt for. Men for meg er det viktig å markere at dette vil eg ikkje vere med på lenger, seier Mowatt.