Like over klokka halv seks tysdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil og ein motorsykkel hadde kollidert på Grov i Flora kommune. Det opplyser Kjell Fonn ved operasjonssentralen til politiet i Florø.

Føraren av motorsykkelen, ein mann i 50-åra frå Florø, vart send med luftambulanse til Førde, men vart truleg ikkje alvorleg skadd.

- Det som ser ut til å ha skjedd er at motorsykkelen har blitt påkøyrt bakfrå av bilen då han skulle svinge ut frå riksveg 5 og ut på ei busslomme, seier Fonn.

Bilføraren, ei kvinne i 40-års alderen frå Naustdal hadde med seg tre born i bilen, som alle var hennar, men verken kvinna eller borna vart utsett for fysiske skader i ulukka.

- Saka vert etterforska vidare på vanleg vis, seier Fonn.