Gå til sidens hovedinnhold

Morten tar seg eit «helvetesår»

Artikkelen er over 7 år gammel

Barndomen bestod av trøysteeting, overvekt, pinlege episodar i garderoben og stygge kommentarar. No vil han vise kva det er mogleg for ein fedmeoperert å greie.

– Eg blir så provosert av folk som går rundt og sutrar om biverknader av fedmeoperasjonane dei har tatt. Helsevesenet skulle følgt dei opp med coaching og mental trening, for å lære dei å tenke positivt. For i mange tilfelle er det i hovudet problema sit, og ikkje i magesekken, seier Morten Eriksen.

Han trur mange slankeopererte hadde hatt godt av å lære seg å tenke annleis.

Dra dei opp av sofaen

– Dei skulle hatt ein coach, ein som kom heim til dei og drog dei opp av sofaen og ut i aktivitet. Og ikkje berre dei. Eg trur at å bruke coachar og mentaltrenarar i NAV-systemet kunne fått haugevis av folk ut i arbeid. Her i landet kan du velje å tenke negative tanker – og få sjukmelding for det! Folk treng å få perspektiv, nokre må få seg nokre oppvekkarar.

Morten klarte omstillinga sjølv, fordi han måtte ta nokre tøffe val.

Han beskriv ein barndom og oppvekst med episodar så vonde at han vil ikkje vil ha det på trykk. Trøysteeting, overvekt, pinlege episodar i garderoben og stygge kommentarar tæra på sjølvbildet til det ein dag ikkje var noko att.

Det gjekk så langt at han tok ei avgjerd om å forlate denne verda. Men det mislukkast. Året 2005 vart ein alvorleg snuoperasjon gjort. Han tok mange tøffe avgjerder det året, og i åra som kom.

Vekta kom alltid att

Han greidde å gå ned i vekt nokre gonger allereie frå barndommen av ved å berre ete mindre, men vekta kom alltid på att. På eit tidspunkt var han oppe i 136 kilo, etter det orka han ikkje vege seg meir. Til slutt innsåg han at skulle han få til ei varig endring, måtte det ein slankeoperasjon til. Og ei varig endring i livsstil – og tenkemåte.

– Eg har slutta å samanlikne meg sjølv med andre. Eg samanliknar meg med meg sjølv. Eg drit i om andre har sprunge den og den løypa fortare enn meg. For eg har aldri sprunge den fortare enn meg sjølv. Det er mitt liv, og ingen har levd det, det er berre meg sjølv som skal gjere det.

Lærte å like å jogge

Eriksen har heller aldri likt å jogge.

– Difor bestemte eg meg for å gjennomføre eit ti vekers joggeprogram, for å lære meg å like det. Eg har lese ein stad at dersom du gjer ein ting ti til femten gonger, så er det blitt ein vane – eller ein uvane. Så eg bestemte meg for å jogge så mykje at det vart ein vane. Og det klarte eg.

Morten har funne støtte og hjelp i litteratur om mental trening.

– Som boka til Erik Bertrand Larsen, «Helvetesveka». Alle har godt av ei slik veke. Det går m.a. ut på at du på ei veke skal stå opp klokka fem og legge deg klokka ti, og ein gong i løpet av den veka skal du vere oppe samanhengande i 24 timar – og gå på jobben. Eg kunne greie ei slik veke, men det vart ikkje ein vane. Så no har eg bestemt meg for å ta eit helvetesår i staden. Eg begynte 2. januar, seier han.

Han har også ei eiga side på Facebook der han legg ut sine oppdateringar undervegs.

Å strekkje seg

Å strekkje seg lenger enn han trudde var mogleg har gjort han til eit anna menneske, meiner Morten.

– Vi kan prestere så mykje, mykje betre enn det vi gjer. Eg har som regel at kva eg enn gjer, så skal eg gjere litt meir enn berre det som er forventa. Har eg ei arbeidsoppgåve så prøver eg å gjere den litt betre enn sist gong. Lagar eg middag, så tenner eg kanskje stearinlys. Trenar eg, så tek eg i litt ekstra. Og når du lever slik, så er du litt meir nøgd når du legg deg. Og over tid, så gjer det noko med hovudet ditt.

No skal han halde foredrag på Spenst der han formidlar filosofien sin. Han har også ein arbeidsgjevar som har fokus på at dei tilsette skal kunne strekkje seg litt lengre og som oppfordrar til fysisk og mental trening.

Berre eitt liv

– Vi har alle nesten dei same sjansane i livet. OK, nokre genetiske skilnader er det, men vi tek så uhorveleg mange val, vi har så uendeleg med sjansar, og kva vi gjer med dei er langt meir avgjerande for korleis vi klarer oss. Vi skuldar så lett på folk rundt oss, men det er vi som vel å vere saman med desse folka. Vi vel å bu der vi bur, og likevel klagar vi på vêret? Alt baserer seg på ein ting: Du har eitt liv. Det er no du har sjansen, seier Eriksen.

Kommentarer til denne saken