Mora: Uvanleg at han ikkje gir livsteikn frå seg

Per-Arne Hestenes (35) har ikkje gitt livsteikn frå seg sidan bilulykka førre laurdag, ein situasjon som ifølgje familien blir opplevd som uverkeleg.

Per-Arne Hestenes (35) har ikkje gitt livsteikn frå seg sidan bilulykka førre laurdag, ein situasjon som ifølgje familien blir opplevd som uverkeleg. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Det er tøffe dagar. Han har vore sakna i ei veke utan at han har gitt noko livsteikn frå seg, seier Aud Sørland.

Ho er søster til Kirsti Sørland, mor til Per-Arne Hestenes, 35-åringen som framleis er sakna etter ei trafikkulykke i Gloppen laurdag i førre veke.

Les også: Kallar forsvinninga ei stor gåte , Politiet avkreftar rykte og Etterlyser 35-åring.

35-åringen har vore sakna etter at han for ei veke sidan var involvert i ei bilulukke på fylkesveg 60 mellom Byrkjelo i Gloppen og Utvik i Stryn.

Det har vore store leitemannskap i aksjon for å finne han, men til no er leitinga resultatlaus.

Oppfordrar til å ta kontakt

Aud Sørland fortel at søstera ikkje har det lett etter at sonen vart meld sakna.

– Ho ønskjer ikkje å seie så mykje til media enno, men ho vil likevel oppfordre folk som veit noko, om å melde ifrå dersom det kan hjelpe til med å finne sonen hennar, seier Aud Sørland.

Ifølgje Aud tok søstera det tungt då ho forstod at det var sonen sin bil som var involvert i ulykka i Gloppen.

– Uverkeleg situasjon

– Det er ein uverkeleg situasjon å vere oppi for ho, seier Sørland, som fortel at mora straks forsøkte å få kontakt med sonen, så snart ho skjønte at han vore i ulykkesbilen.

Men ingen svara på telefonen, noko som Sørland beskriv som uvanleg.

– Dei to har vanlegvis god kontakt, og ho opplever det som at noko ikkje stemmer når sonen ikkje gir livsteikn frå seg i det heile. Det har gått ei veke utan at ho har høyrt noko, seier ho.

Sørland fortel vidare at sjølv om søstera no har det vanskeleg, så finn ho trøyst i alle dei frivillige som har hjelpt til for å prøve å finne Per-Arne Hestenes.

– Det er familien utruleg takknemleg for. At folk hjelper til er ei god trøyst.

Artikkeltags