Klokka 15.38 måndag rykte brannvesenet ut til ein husbrann i Førde, i eit bustadkompleks på Steinen som vert kalla Mølla.

- Brannvernet kom raskt til staden, og etter kvart vart konstatert skadde personar, opplyser politiet.

To kritisk skadde

Ifølgje Helse Førde politiet er fem personar skadde etter brannen.

To av dei er kritisk skadde, og det gjeld eit barn og ein vaksen person.

Ifølgje innsatsleiar Odd Helge Vågseth i politiet er dei to kritisk skadde ei mor og barnet hennar.

I tillegg er tre vaksne personar lettare skadde, opplyser Helse Førde.

Dei to som er kritisk skadde vert overførte til Haukeland Universitetssykehus.

Helikopter frå Bergen

Det kom både ambulansehelikopter frå Bergen og eit Seaking-helikopter frå Hovedredningssentralen til Førde i samband med brannen.

Mølla er eit bustadkompleks med fleire leiligheiter, der det bur asylsøkjarar frå mange nasjonar.

Det brannråka bygget ligg like ved fylkesveg 609, kring to kilometer frå Førde sentrum og ligg i umiddelbar tilknytning til det ekslusive leilegheitskomplekset Førde Brygge.

Mottaksleiar Andrew Hawkes opplyser til firda.no at det til saman er 27 bebuarar i Mølla.

Kriseteam

Førde kommune har oppretta eit pårørandesenter på Førde Hotel. Pårørande kan ringje psykososialt kriseteam på telefon 90 67 60 15.

Frå klokka 17.15 var det mogleg å ringje servicetorget i Førde kommune på telefon 57 72 20 00.

Brannvernet konstaterte at brannen var sløkt ti minutt etter at dei kom fram, og huset vart gjennomsøkt av røydykkarar.

Ifølgje innsatsleiar Vågseth starta brannen i den midtre delen av bustadkomplekset Mølla, men politiet veit førebels ikkje korleis brannen starta.