Mjømen vann med god margin

Arve Mjømen ler letta, medan Bjørn Hollevik har fått noko å tygge på.

Arve Mjømen ler letta, medan Bjørn Hollevik har fått noko å tygge på. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Arve Mjømen fekk dobbelt så mange stemmer som utfordrar Bjørn Hollevik i fylkesleiarvalet i Høgre.

DEL

102 årsmøtedelegatar stemde på årsmøtet i Kalvåg søndag føremiddag. Èi stemme var blank, og ei gjekk til feil Bjørn, nærare bestemt Bjørn Lødemel som altså ikkje stod på val. Mjømen fekk 68 stemmer, og Hollevik fekk 32. Dermed gjekk det som dei fleste spådde: Arve Mjømen blei attvald som fylkesleiar i to nye år.

To svært ulike kandidatar

- Det viser at eit mindretal i forsamlinga er oppteken av fornying og politisk utvikling, og det konstaterer det som generalsekretæren sa etterpå og det som alle her veit, at vi ligg nedst på tabellen når det gjeld organisasjonsutvikling, sa Bjørn Hollevik etter valnederlaget.

- Vi har eit godt utgangspunkt med Høgre i regjering og auka medlemstal her i fylket, men vi kan ikkje lene oss tilbake. Eg vil halde fram med å jobbe for fornying utanom fylkesleiarvervet. Kvar dag byr på nye moglegheiter.

Det er to ganske ulike kandidatar som kjempe for leiarvervet. Arve Mjømen representerer bunad-Høgre i den forstand at han har sunne Sp-kjerneverdiar og omsut for landbruket. Bjørn Hollevik er ein meir tradisjonell Høgre-mann og næringslivsaktør. Truleg ville Hollevik ha blitt ein meir synleg fylkesleiar, men han kunne også ha blitt ein meir omstridt fylkesleiar.

- Må bry oss om landbruk

Begge kandidatane blei oppfordra til å innta talarstolen for å seie noko om kva dei ønskjer med leiarvervet.

- Eg har bygd leiarskapen min over same lest som Bjørn Lødemel, sa Mjømen.

- Samhald er ufatteleg viktig, og eg har jobba for at Høgre skal vere ein stor famliie. Dessutan er eg oppteken av at vi har ei næring som heiter landbruk. Vi må bry oss om landbruket, og det verkar som om vi har fått meir gehør blant bøndene i seinare tid.

- Store ambisjonar

Hollevik heldt ein noko lengre valkampstale. Han snakka om viktigheita av næringsretta studium og arenaer for næringslivet.

- Vi har ei unik moglegheit til å gjere tidenes kommuneval neste haust. Eg er i ein fase i livet der eg har plass til meir politisk arbeid, og eg har store ambisjonar for Høgre Sogn og Fjordane.

- Vi treng stabilitet

Fleire årsmøtedelegatar gjekk på talarstolen og tok til orde for den eine eller den andre.

Askvoll-ordførar Frida Melvær hadde fått i oppdrag å uttale seg på vegner av HAFS-kommunane.

- Vi treng stabilitet og ro. Vi har eit viktig kommuneval framfor oss. Arve har stått solid gjennom ein periode der det har vore uro i delar av Høgre Sogn og Fjordane. Vi i HAFS støttar Arve sitt kandidatur.

Ho og fleire brukte ordet "stabilitet".

- Unge høgre meiner at det er viktig med stabilitet. Vi synest Mjømen har gjort ein god jobb og ser ikkje behovet for å endre leiar, når dagens leiar fungerer, sa Amanda Solvorn på vegner av Unge Høgre.

Henta fram kraftutrykka

Det fekk Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen til å hente fram kraftuttrykka.

- No er det ikkje slik at Mjømen har einerett på ordet "stabilitet", sa Solheim-Olsen.

- Det stabile kan også gå over i det trauste. Hollevik er en leiar med pågangsmot og, unnskyld uttrykket, forbanna vilje.

Fleire årsmøtedelegatar tok til orde for at det ville vere smart å køyre fram Bjørn Hollevik no, med tanke på 2 x Bjørn på Stortinget i 2017. Men Arve Mjømen blei løna for å ha losa partiet gjennom ei uroleg tid.

Artikkeltags