Gå til sidens hovedinnhold

Minst 210 millionar tonn avfall i fjorden

Artikkelen er over 13 år gammel

Avfallsstoffet frå gruvedrifta i Engebøfjellet i Naustdal skal lagrast i Førdefjorden, som også er ein verna laksefjord.

Avfallsstoffet frå gruvedrifta, 6-10 millionar tonn finkorna masse årleg i 35 år, vil Nordic Mining lagre i Førdefjorden frå Ålesundet og vestover forbi Vevring.

Skal halde seg på botnen

Den finkorna massen skal førast i røyr ned til fjordbotnen, der den ifølgje Nordic Mining vil halde seg stabil.

Førdefjorden er verna laksefjord, og gruveselskapet vil difor velje ein metode for fjorddeponering som sikrar at det ikkje kjem materiale i dei øvre fjordlag der laksen vandrar. Samtidig må metoden sikre jamn fordeling av avgangsmasse på fjordbotnen.

100-150 arbeidsplassar

Gruvedrift i Engebøfjellet vil gi 100-150 arbeidsplassar i 35 år. Det skal takast ut 10 millionar tonn malm årleg, og 6-10 millionar tonn fin masse skal lagrast i Førdefjorden kvart år. Tre gardsbruk på Engebø må fråflyttast.

-Nordic Mining satsar hardt på å få dette til. Prosessen vi er i no avgjer om det blir aktivitet i stor målestokk på Engebø eller ikkje. I byrjinga av 2009 veit vi svaret, seier Jan Herstad. Han er lokal kontaktperson for Nordic Mining.

80 mål synleg

Dei store planane om gruvedrift er presenterte på eit folkemøte i Vevring.

Det mest synlege av gruvedrifta blir anleggsområdet på 80 mål ved Førdefjorden, mellom Engebøfjellet og kaianlegget som står der i dag.