Minnestipend til Jung Tjønn

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn (28) frå Sogn får Ole Johan Grønskags minnestipend.

DEL

Den unge forfattaren kunne ikkje sjølv vere med under utdelinga, men mora Helga Tjønn tek imot stipendet i samband med framsyninga av Oliver Twist i Bremangerhallen laurdag kveld.

Heidrar Grønskag

Minnestipendet på 12 000 kroner er oppretta av Sogn og Fjordane teater, fylkeskommunen og Bremanger kommune for å heidre ein ung kunstnar med stor spennvidd i sin kunstnariske verksemd, og på same tid inspirere unge kunstnarar til å skape kunst av høg kvalitet.

Bøker og nettstad

Brynjulf Jung Tjønn er frå Sør-Korea og har vakse opp i Feios. Han har gitt ut bøkene «Eg kom for å elske» og «Lyden av noen som dør», som begge har fått strålande kritikkar. I tillegg har han publisert tekstar i antologien Signaler. Han er redaktør for litteraturnettstaden jung.no og ansvarleg for Jung forlag, som gir ut litteraturtidsskriftet Nordahl & eftf. Jun Tjønn er utdanna journalist og arbeidar om redigerar i nrk.no.

Ole Johan Grønskag frå Kalvåg var svært interessert i ulike kunstuttrykk, mellom anna teater. Sogn og Fjordane teater har framført to teaterstykke av Grønskag: «Filantropicana» og «Siste dagar sett».

Artikkeltags