Miljødirektoratet har konkludert

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Miljødirektoratet har gjort si vurdering. Tilleggsundersøkingane, som miljødepartementet bad om i fjor, er no lest av fagfolka i Miljødirektoratet. Dei har gjort si vurdering og departementet til å gå imot prosjektet.

Direktoratet meiner at eit sjødeponi kan gjere vesentleg skade på kysttorsk, ål, pigghå og blålange.

Kritisk for truga artar

Pigghå og blålange er på raudlista, noko som betyr at arten er truga. Begge artane ser ifølge dei nye undersøkingane ut til å ha gyte- og oppvekstområde innanfor det planlagde deponiet. Dette veg tungt i vurderinga til direktoratet, og dei skriv at:

– Vår vurdering er at eit deponi vil kunne få reell betydning for bestandsutviklinga for desse raudlisteartane i Førdefjorden, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Dei skriv også at det er usikkert kva effektar ei fjerning av Førdefjorden som gyte- og oppvekstområde kan få å seie for bestandsutviklinga for desse artane på nasjonalt nivå.

Politikarane bestemmer

Miljødirektoratet konkluderer også med at sjansen er liten for at partiklar vil leke ut av deponiområdet. Og dei skriv at dei fleste artane, som blir ramma innanfor deponiet, ikkje vil ta skade nasjonalt. Med dette meiner dei at arten også finst i god stand andre stader i landet.

Direktoratet vurderer det likevel slik at omsynet til pigghå, blålange, ål og kysttorsk er så viktig, at det må gå føre dei positive sidene ved prosjektet. Denne veginga mellom miljøomsyn og næringsinteresser, er det no opp til politikarane å avgjere.

Les også: Håpar framleis på ja frå departementet og Ordføraren trur på gruvedrift

Artikkeltags