Mikrokraftverk rett på springen

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

Eit ingeniørfirma i Trondheim har vidareutvikla dagens mikrokraftverk slik at dei kan køyrast rett inn på springen i privathus og offentlege bygningar.

DEL

Sunnfjord Energi skal no vere med på eit prøveprosjekt for å sjå kor stor effekt som er realistisk å hente ut og kva som er verknaden på eit vassforsyningsnett.

Stor tru

– Vi har veldig stor tru på dette. Mykje tyder på at ein husstand kan skaffe seg god energidekning i deler av året ved å kople opp eitt eller fleire springverk, seier administrerande direktør Per Storegjerde.

Prototypen som har fått namnet Springverk 1, finst i to utgåver som produserer høvesvis 2,5 og 5 kilowatt.

I samarbeid med SINTEF i Trondheim har Sunnfjord Energi fått tildelt 46 anlegg som skal spreiast blant energiverket sine kundar. Talet har samanheng med kapasiteten på minikraftverket i Refsdalen som tek av for det store trykket frå Gravvatnet.

Interesserte kan i dag ta kontakt med Sunnfjord Energi for å vere med på prosjektet, og dei vil overta anlegget vederlagsfritt etter prøveperioden på eitt år. Energiverket vil koste all installering, men kunden må betale vanlege avgifter på straum og linjeleige på produksjonen.

– Uansett kan folk redusere straumrekninga med fleire tusen kroner i året, dersom dette fungerer slik alt tyder på, seier Storegjerde.

Privathus

Hovudtyngda av anlegga bli monterte i hus som er kopla til Førde vassverk, men også hus med private brønnar kan brukast dersom trykket i springen er riktig, opplyser han.

Trykket bør liggje rundt 5 kilo pr. kvadratcentimeter som tilsvarer ei fallhøgde på 40-50 meter.

Sunnfjord Energi er valt ut i prøveprosjektet på grunn av samarbeidet med Førde Vassverk om utbygginga i Gravvatnet. Vassverket er topp moderne, har stor kapasitet og har eit trykk som dei nye mikrokraftverka er utvikla for. Samarbeidet med vassverket gjer det mogeleg å eksperimentere for å finne optimale løysingar, påpeikar Storegjerde.

Alle hus

Dei nye springkraftverka kan monterast på alle vassuttak i eit hus. Men det er mest naturleg å ha det i kjellar, på vaskerom eller bad, sidan desse romma er minst i bruk. Dei støysvake anlegga vert monterte i ein enkel kasse på vegg, og vatnet kan koplast tilbake i springen med ein brytar.

– Eit par mikrokraftverk vil normalt sett kunne produsere nok straum til å halde eit hus oppvarma, seier Per Storegjerde.

Artikkeltags