Mest tilfreds når uhellet er ute

På glatte vintervegar skal det lite til før uhellet er ute. Når skadeoppgjeret kjem får kundane verkeleg testa forsikringsselskapet sitt.

På glatte vintervegar skal det lite til før uhellet er ute. Når skadeoppgjeret kjem får kundane verkeleg testa forsikringsselskapet sitt. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Frende forsikring har dei mest tilfredse kundane, syner ei ny undersøking.

DEL

Analysebyrået EPSI Norge har gjennomført ein nasjonal studie av forsikringsbransjen i Norge. Ut frå 3300 djupneintervju slår dei fast: Frende sine kundar er mest tilfredse, også når uhellet er ute, går det fram i ei pressemelding.

– Frende sitt gode resultat kjem av at kundane både opplever eit godt samsvar mellom forventningar og leveranse, samt at prisar og vilkår er konkurransedyktige. I tillegg til dette vert skadehandtering vurdert som best i bransjen, noko som også bidrar til god kundeoppleving, heiter det i grunngjevinga frå EPSI.

– Høfleg og vennleg

I ein bransje der kundar flest er mindre tilfredse enn i fjor kan Frende vise til meir tilfredse kundar i år enn i fjor. Også etter erfaring med skadeoppgjer er Frende sine kundar tilfredse med selskapet.

Frende scorar også høgt på utvalet av forsikringsprodukt samt dekningar og nivå på eigendel.

– Vi er stolte og glade i dag! Særleg gledeleg er det at vi scorar høgast av alle på engasjement frå dei tilsette og vilje til å hjelpe, på høflegheit og venlegheit frå dei tilsette og på kor sannsynleg det er at kundane ville tilrådd Frende til ein venn, seier administrerande direktør Bjørn Thømt i Frende Forsikring.

Tøff konkurranse

15 norske sparebankar eig Frende. Sparebanken vest (SPV) eig kring 40 prosent, og Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) eig ti.

–Det viktigaste bak desse resultata er at kundane får god hjelp og oppfølging når dei treng det, at Frende leverer på dei tinga som dei lovar, seier Tore Dvergsdal, regionbanksjef hos SPV.

Innan bank og finans er forsikring den bransjen med sterkast konkurranse, og kundar har vist seg å ha lett for å skifte forsikringsselskap, meiner Dvergsdal.

– No veit konkurrentane at dei må henge med om dei vil ha eit godt omdømme, så vi må skjerpe oss, seier Dvergsdal. Analysebyrået EPSI Norge har gjennomført ein nasjonal studie av forsikringsbransjen i Norge. Ut frå 3300 djupneintervju slår dei fast: Frende sine kundar er mest tilfredse, også når uhellet er ute, går det fram i ei pressemelding.

1000 kundar

SSF ser Frende som ei lønsam investering. Allereie har banken passert 1000 kundar med forsikring i Frende.

Les også: Over tusen har fått ny forsikring

– Vi kjenner oss att i kundane si oppleving av Frende. Dei er veldig opptekne av å tilby dei beste produkta og, ikkje minst, levere varene den dagen kunden treng oss, seier Toril Haugen, salsleiar forsikring i SSF

–Det er ikkje alle som får det til, det handlar om å vere tilgjengeleg for kundane når dei treng det. Det handlar om tryggheit. Ved store skader eller om du kjem ut for noko med helsa ønskjer du å ha nokon å snakke med ansikt til ansikt, seier Haugen.

Slik vert forsikringsselskapa rangert på ein indeks frå 0 til 100:

Frende

74,3

Øvrige

73,5

Sparebank 1 forsikring

72,5

Eika forsikring

71,9

Gjensidige

70,7

If

70,4

Tryg

69,3

DNB Skadeforsikring

66,3

Kjelde: EPSI Norge

Artikkeltags