I ei landsdekkjande undersøking blant 1600 mellomleiarar kjem Sogn og Fjordane positivt ut samanlikna med resten av landet.

På spørsmål om toppleiinga er kompetent nok til å leie verksemda, svarar 83 prosent av mellomleiarane ja, medan landsgjennomsnittet berre ligg på 59 prosent. Sju av ti meiner også at toppleiinga held det lovnadane sine.

- Dette spørsmålet gir ein viktig indikasjon både på arbeidsmiljø og leiarstil. Det at toppleiinga blir opplevd som både kompetent og påliteleg gjer at kommunikasjonen flyt betre i verksemda, og at det er lettare å kartlegge moglegheiter og utfordringar, seier Jan Olav Brekke, forbundsleiar i organisasjonen Lederne i ei pressemelding. Det er medlemmene i organisasjonen som har svart i undersøkinga.

Konkurransefortrinn

- Når mellomleiarar kjenner at dei kan stole på sin overordna, vil denne leiarstilen gjerne forplante seg i heile verksemda, understrekar Brekke.

Undersøkinga, som er utført av Great Place to Work Norge, viser at mellomleiarar kjenner at deira leiarar er lette å snakke med.

Administrerande direktør i Great Place to Work Norge, Jannik Krohn Falck, meiner at desse faktorane heng tett saman.

- Der leiinga oppfattast som tilgjengeleg og lyttande vil informasjon og kunnskap bli delt lettare i bedrifta, og det er utan tvil eit konkurransefortrinn, seier Falck.

- Viktig målestokk

Undersøkinga er gjennomført for tredje året på rad, og dekker både landsdelane og ulike bransjar. Sjølv om funna er generelle, meiner Falck at dei gir ein viktig tilstandsrapport på norsk leiing.

- Det er sjølvsagt unntak, men dette gir oss ein god indikasjon på korleis leiarar og medarbeidarar opplever viktige spørsmål på jobben. Vi veit frå forsking at drivarar som tillit, rettferd, truverde, stoltheit, fellesskap og respekt, er avgjerande for opplevinga av ein god arbeidsplass, seier Falck.