Ifølgje ei ny Norstat-undersøking meiner 43 prosent av det norske folk at dagens ungdom er late. På Vestlandet seier 56 prosent at dagens ungdom jobbar mindre enn foreldregenerasjonen.

Manglande engasjement

42 prosent meiner ungdom i Norge bør lære av svenskane når det gjeld arbeidsmoral og innsatsvilje. No engasjerer norsk ungdom seg for å motbevise fordommane. Men i Sogn og Fjordane går heller ikkje dette så bra.

Undersøkinga er gjennomført i samband med lanseringa av arbeidslivsprisen Helt Sjef. Den blir delt ut til ein yrkesaktiv under 30 år, som er eit inspirerande og initiativrikt leiaremne. På tre veker har juryen teke imot over 200 forslag. Men av desse er berre fem frå Sogn og Fjordane.

– Vi håpar det finst fleire engasjerte ungdommar i fylket enn det vi har sett så langt, og oppfordrar ungdommen frå Sogn og Fjordane til å komme på bana, seier Karolina Kvilhaug dagleg leiar i JobbUnder18 og jurymedlem i Helt Sjef.

Flest frå Oslo

Nesten halvparten av dei som er blitt nominerte til prisen er kandidatar frå Austlandet. Aller flest er frå Oslo. Vestlandet har ein del nominerte totalt sett, men få frå Sogn og Fjordane.

Aller dårlegast ut kjem likevel gutane. Meir enn to tredelar av dei nominerte ungdommane er jenter. Initiativtakarane bak kampanjen etterlyser fleire initiativrike leiaremne blant gutane.

Lite gutar

– Det er veldig positivt med så mange jenter. Samstundes saknar vi fleire gutar og oppfordrar også dei til å nominere seg sjølve eller nokon dei kjenner, fortsett Kvilhaug.

Vinnaren av Helt Sjef-prisen blir kåra i Oslo i november, og premien er 10.000 kroner til karrieresatsing, eigen karriercoach og ein inspirasjonstur til Stockholm. Prisen skal hylle engasjement, leiaremne og stå-på-vilje blant ungdom, og vert i år arrangert for første gong.