Meiner tilsynet er mangelfullt

Miljøvernleiar Marte Conradi i Høyanger kommune meiner det er grunn til å stille spørsmål om systemet fungerer når SFT/Klif/Miljødirektoratet ikkje greidde å avdekka mangeårige ulovlege utslepp av krom og arsen frå Eras/Nyrstar.

Miljøvernleiar Marte Conradi i Høyanger kommune meiner det er grunn til å stille spørsmål om systemet fungerer når SFT/Klif/Miljødirektoratet ikkje greidde å avdekka mangeårige ulovlege utslepp av krom og arsen frå Eras/Nyrstar. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Miljøvernleiar Marte Conradi i Høyanger stiller spørsmål om miljøstyresmaktene har god nok kontroll.

– Når Eras Metal – no Nyrstar Høyanger AS – ifølgje Miljødirektoratet i om lag 10 år uløyves har sleppt ut dei prioriterte miljøgiftene krom og arsen utan at verken SFT, Klif eller Miljødirektoratet oppdaga det, då meiner eg det er naturleg å stille spørsmål om miljøstyresmaktene har kontroll, seier Conradi til Firda.

Les òg: Nye ulovlege utslepp

Som miljøvernleiar i Høyanger kommune skal Conradi skrive høyringsuttale i samband med at Nyrstar Høyanger AS no søkjer Miljødirektoratet om å få bruke eit nytt råstoff i produksjonen.

Fører til auka utslepp

Råstoffet vil ifølgje søknaden føre til auka utslepp av både bly, kopar og svovel. I gårdagens Firda fortalde kommunestyrerepresentant og leiar i Raudt Høyanger, Einar Rysjedal, om si uro og skepsis for større utslepp av miljøgifter til Høyangsfjorden der det er innført kosthaldsråd grunna høve verdiar av tungmetall i sjømat frå fjorden.

Les òg: Protesterer mot auka utslepp

Positivt med reduksjon

Conradi meiner det er positivt at det ifølgje Nyrstars søknad vil bli reduserte utslepp av ulike salttypar og metall til Høyangsfjorden, med unnatak av bly og kopar der utsleppa til fjorden vil auke. Utsleppa av svovelkomponentar til fjorden vil òg auke vesentleg i høve søknaden.

– Det er sjølvsagt alltid positivt med reduksjon i utslepp av miljøgifter. Men kor mykje det er å rope hurra for, er vanskeleg å vurdere all den tid at utslepp av andre miljøgifter vil auke, både til luft og til Høyangsfjorden, seier Conradi.

Teoretiske utrekningar

Som eit døme på kor vanskeleg det er å ta stilling til slike utsleppssøknader, trekkjer Conradi fram det endra utsleppsløyvet Nyrstar Høyanger fekk i januar.

– Der viser Miljødirektoratet til Hardanger Miljøsenter som meiner det er lite sannsynleg at utsleppa frå Nyrstar inneheld den særs giftige og kreftframkallande miljøgifta seksverdig krom, sidan avfallet Nyrstar brukar kjem frå industri som ikkje har seksverdig krom i sin prosess.

– Likevel rapporterte Nyrstar i haust til Miljødirektoratet om «ikkje ubetydelege utslipp av seksverdig krom» i Høyanger. Då blir det vanskeleg å vite kva som er den verkelege situasjonen, slår Conradi fast.

Telefonisk kontakt

Firda var onsdag i telefonisk kontakt med dagleg leiar Sven Ove Råsberg ved Nyrstar Høyanger AS, og fekk beskjed om å kontakte HMS-ansvarleg Gry Helene Haukereid neste dag.Det lukkast ikkje Firda å få Haukereid i tale torsdag, men ho sendte ein SMS med følgjande ordlyd:

«I lys av saken i avisa i dag ventar på vi en eventuell uttale frå sentralt hold. Vennleg helsing Gry Haukereid»

Firda har òg intervjua senioringeniør Kaya Grjotheim ved 1. Industriseksjon i Miljødirektoratet, men Grjotheim ønskte ikkje å lese sitat- og faktasjekk etter arbeidstid.

Artikkeltags