I søsterflokken på fem frå Naustdal har dei fire eldste gift seg med menn frå Norge, Sverige, Danmark og Romania. Sjølv om familiemedlemmene er samde om at det er spennande å vere ein så internasjonalfamilie, kan det også by på utfordringar.

Språkleg surr

Om det ikkje alltid er like lett å kommunisere i ein familie, er det ei ekstra utfordring når fire ulike språk er innblanda.

–Eg forstod ikkje heilt Stig då han skulle fortelje at han likte meg og sa «eg kan faktisk måske godt li dig», og svara at eg syntest han var interessant. Han oppfatta det som «det var interessant», så begge sat noko undrande att etter at vi skilde lag, fortel Inger Elisabeth som ikkje var klar over at ordet måske tyder kanskje då ho møtte danske ho no er gift med.

– Pappa sitt grautmål er ikkje like lett å forstå for alle, ler Ruth Johanne som er gift med ein rumenar, og legg til at faren likevel gjorde seg forstått med fingerspråk og peiking av ulike slag.

– Men sjølv om rumenaren no har lært norsk, slit både han og svensken litt med å forstå dansken, ler Aud Malene som gifte nyleg gifte seg med ein svenske.

Familien har og mykje moro med ulikskapane i språka.

– I det rumenske språket tyder ordet kaldt faktisk varmt, fortel Ruth Johanne som innrømmer at det kan bli misforståingar på grunn av slikt.

Poenglause vitsar

– Særleg vitsar kan vere eit problem.

Poenget forsvinn gjerne i omsetjinga.

Til dømes slo svensken ein vits rundt bordet her om dagen, som ingen lo av, fortel Ruth Johanne.

– Men svenskevitsane prøver vi å halde oss unna, seier svenskgifte Aud Malene.

Trass mindre språkleg forvirring meiner eldstesøster Anne Margrethe at det gjerne er like store ulikskapar mellom henne og ektemannen frå Austlandet.

– Eg er frå bygd, og han er ein skikkeleg bygut. Rumenaren er meir tilpassingsdyktig til livet på garden i Naustdal enn mannen min, ler ho.

Kidnapping og sokkeklipping

Bryllaupa til søstrene har vore prega av innspel frå ulike kulturar og tradisjonar.

– Då eg gifte meg med min danske Stig, vart brudgommen etter dansk tradisjon fanga og fråteken skoa. Så vart tuppane av sokkane klipt av, seier Inger Elisabeth. Ho forklarer at dette skal symbolisere at det no er kona som skal sy saman sokkane, og ikkje lenger mora.

Fanging risikerte også Ruth Johanne då ho gifte seg med sin rumenar, men i motsetnad til den svenske brudgommen slapp ho unna fangenskap.

– Ifølgje rumensk tradisjon skal venner kidnappe brura dersom brudgommen ikkje passar godt nok på henne, og krevje pengar for å gje ho attende. Eg fann meg ikkje i å bli halden vekke frå gjestene mine på ubestemt tid, fortel ho.

Bryllaupet til Aud Malene førre laurdag var det første bryllaupet som vart feira på den snart 50 år gamle skulen i Vevring. Fargane gult og blått gjekk att både i pynting av lokale, brurebukett og påkledning.

– Eg elskar å gjere ting litt annleis. I staden for tradisjonelt brurepar på kransekaka, hadde vi eit smurfebrudepar. Dei vanlege ser alltid så alvorlege ut, seier ho.

Aller første kyss

Etter kyrkja var det brureferd, riktig nok med motorbåt, frå kyrkja til heimbygda der bileta vart tekne. Men brureparet hadde allereie same dag vore ute på ein endå meir spennande tur. Dei hadde nemleg spart det første kysset til den store dagen.

– Vi tok oss ein spasertur på morgonen for å dele vårt første kyss, framfor å vente til sjølve vigsla. Litt privatliv må ein jo ha for ei så spesiell hending. Ein plass går grensa, seier ho.