Gå til sidens hovedinnhold

Mattilsynet beslagla skulemiddagen

Artikkelen er over 9 år gammel

Sjetteklassingar fekk lam av lokal bonde til å lage økologisk suppe. Det ville ikkje mattilsynet ha noko av.

6. klasse ved Brandsøy skule i Flora arbeidde hardt med å stelle i stand kjøt til skulemiddagen. Så kom Mattilsynet på rutinekontroll, og vekke var kjøtet Martin Redal (11) og klassekameratane nettopp hadde partert.

Undervisningsopplegg

Brandsøy skule og barnehage i Flora har status som miljøfyrtårn, og slikt forpliktar: Økologisk berekraftig jordbruk og kortreist mat er noko dei har snakka om på skulen, og frå ein gard i nærleiken hadde dei fått eit villsaulam som elevane skulle få smake.

Nokre av elevane hadde fått vore med på slaktinga, dei hadde vore i åkeren og henta grønsaker og alt som skulle til i ei god suppe. Tysdag skulle kjøtet parterast, og det skule kokast kraft på beina, før alle elevane skulle få servert heimelaga kjøtsuppe av lokale råvarer.

Tilsynet brende kjøtet

Men det som skulle vere eit undervisningsopplegg om økologisk mat og kvar maten kjem frå, vart også ei synleggjering av byråkrati og eit stivbeint regelverk i praksis.

Under kunnig oppsyn av mat faglærar Beate Andersen fekk sjetteklassingen Martin Redal jobben med å skjere opp kjøtet, ei oppgåve han skjøtta utmerkt.

Like etter at kjøtet var skore opp, kom Mattilsynet på rutineinspeksjon på skulen. Og sjølv om inspektørane skrytte av det pedagogiske opplegget, og elles ikkje hadde noko å utsetje på verken kjøkken eller hygieniske tilhøve ved skulen, fann ikkje lammekjøtet nåde hos inspektørane: Dei tok lammekjøtet med seg til destruksjon, og nydeleg suppekjøt vart brent og kasta.

Kvifor gjorde dei det?

– Veldig dumt. Kvifor gjer dei slikt? Då var det jo ingen vits i å slakte lammet i det heile tatt, seier elleveåringen, som berre rista på hovudet då dei vaksne prøvde å forklare han reglane.

– Vi skal vel ikkje kaste mat vel? spør Martin, som ikkje skjønar kvifor Mattilsynet ikkje berre kunne kontrollert kjøtet, framfor å kaste det.

Mattilsynet: - Ikkje rom for skjønn

Hos Mattilsynet sitt regionkontor i Førde ser at regelverket og handhevinga deira i dette tilfellet kan ha fått eit uheldig utslag, men forsvarer seg med å vise til eit krystallklart regelverk utan rom for skjønn.

– Ein bonde kan slakte det han vil til eige hushald og bruk, men alt kjøtet som vert omsett, skal vere kontrollert av Mattilsynet, anten ein sel det eller gir det bort, seier Bente Lien i Mattilsynet.

Ettersom regelverket ikkje på noko punkt opnar for skjønn hadde Inspektørane med andre ord ikkje noko anna val enn å ta med seg lammekjøtet som skuleklassen hadde fått av ein bonde.