Mann pågripen for sexkjøp

HER: På eit av dei 205 romma ved Rica Sunnfjord Hotel & Spa midt i Førde sentrum skal ein mann ha kjøpt sex måndag kveld.

HER: På eit av dei 205 romma ved Rica Sunnfjord Hotel & Spa midt i Førde sentrum skal ein mann ha kjøpt sex måndag kveld. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Hyrdestunda på Rica Sunnfjord Hotel vart plutseleg dyrare enn venta då politiet banka på døra.

DEL

Måndag kveld vart politiet i Førde kontakta av personalet ved Rica Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, med tips om at dei moglegvis hadde ein kvinneleg gjest som selde seksuelle tenester frå hotellrommet.

Timar med overvaking

- Vi iverksette tiltak, og sende mannskap til hotellet for å sjå om vi kunne avdekke korvidt det faktisk føregjekk prostitusjon på det aktuelle rommet. Etter nokre timar overvaking gjekk vi til arrestasjon av ein mann, som vi mistenkte for å ha kjøpt sex, seier lensmann Jan Egil Tvinde til firda.no.

Tilstod på staden

Mannen, som er heimehøyrande i Sunnfjord, erkjende straks at han hadde kjøpt sex og vedtok eit forelegg på 25 000 kroner for kjøp av seksuelle tenester. Mannen tilstod i avhøyr at han òg hadde kjøpt sex éin gong tidlegare i haust, men då på ein annan stad enn hotellet.

Kvinna bortvist frå hotellet

Den involverte kvinna skal vere av Aust-Europeisk opprinnelse, og er blitt bortvist frå hotellet på permanent basis etter at politiet pågreip den mannlege kunden hennar.

- Vi kjem ikkje til å føreta oss noko overfor ho. Det er opp til hotellet sjølv kva dei ønskjer å gjere, seier Tvinde til firda.no.

Første gong i fylket

- Grunna godt samarbeid med hotellet, lukkast politiet i å avdekke denne saka. Det er viktig at dei næringsdrivande som leiger ut rom er observante på slik trafikk, og vi i politiet vil òg i framtida jobbe opp mot denne type kriminalitet, seier Tvinde.

Så vidt lensmannen kjenner til er dette første gongen slik kriminalitet har vorte avdekka i Sogn og Fjordane Politidistrikt etter at den nye sexkjøpslova tredde i kraft i 2009.

Artikkeltags