Mange kollisjonar natt til onsdag

I løpet av kvelden og natta blei fire hjortar påkøyrde i fylket. Bildet er ein illustrasjon.

I løpet av kvelden og natta blei fire hjortar påkøyrde i fylket. Bildet er ein illustrasjon. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

I løpet av kvelden og natta blei fire hjortar påkøyrde i fylket.

Klokka 21.07 blei det meldt om at ein hjort var påkøyrd ved Bjørkum på E16 i Lærdal.

Tidleg i morgontimane, klokka 05.10, fekk politiet ny melding om at ein hjort var køyrd på like sør for Skei i Jølster på E39.

Ein time etter kom melding om at nok ein hjort var påkøyrd ved Eide i Olden.

Like før klokka 07 vart ein hjort påkøyrd på riksveg 5 ved Brandsøy i Flora.

Viltnemnda er varsla i alle tilfella, melder politiet.

Artikkeltags