Må ta sovepille mot rånar-støy

Illustrasjonfoto.

Illustrasjonfoto. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

- Eit sant helvete å halde ut

DEL

Fleire folk slit med rånar-støy i Svelgen, og for mange har det blitt så ille at dei må ta sovepiller for å få sove.

Fleire eldre slit

– Når rånarane køyrer fram og attende heile natta, får eg ikkje sove. Fleire av oss eldre må bruke sovepiller for i det heile tatt å få søvn, seier ei eldre kvinne i Svelgen sentrum til Firdaposten.

Kvinna tør ikkje stå fram med namn fordi ho fryktar represaliar.

– Tidlegare, når einskilde av dei eldre har stått fram og kritisert rånarane, har bråket om nettene auka.

- Eit helvete å halde ut

Det er spesielt 50-sona i sentrum frå snuplassen ved skulen til Elkem Bremanger som blir heftig nytta av rånarane. Nokon gonger er det også kappkøyring.

– Her om dagen var det ein mopeden som køyrde fram og attende i høg fart frå klokka 11 på kvelden til klokka var neste 5 om morgonen. Det var eit sant helvete å halde ut, seier kvinna.

Meiner politiet ikkje gjer noko

Lensmannen gjer ikkje noko for å hindre råninga, meiner dei eldre.

– Sjølv om nattrånarane stundom kan bryte fartsgrensene. Og sjølv om støy som forstyrrar omgjevnadene si nattero etter straffelova er ulovleg og vert straffa med bøter eller fengsel på inntil to månader.

Politiet svarar med å vise til at dei berre er tre politifolk og ikkje kan vere til staden til alle døgnets tider.

Artikkeltags