– Må sjå om eg duger

Leiar for Nynorsk avissenter, Ivar Longvastøl saman med dei nye praktikantane. Frå venstre Knut Ådne Røen, Malene Indrebø-Langlo, Solveig Lien og Inger Marie Lien.

Leiar for Nynorsk avissenter, Ivar Longvastøl saman med dei nye praktikantane. Frå venstre Knut Ådne Røen, Malene Indrebø-Langlo, Solveig Lien og Inger Marie Lien. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Fire forventingsfulle praktikantar er på plass i Firda. Om desse vert dei siste som får prøve seg er no opp til politikarane.

DEL

Nynorsk avissenter har no teke imot sitt tredje kull med praktikantar. Frå Samnanger til Stjørdal har dei komme til Førde for å få ein hestekur i det journalistiske handverket.

Allereie har dei nybakte praktikantane eit inntrykk av kva dei har i vente.

– Her kjem vi til å verte kasta rett ut i det, seier Inger Marie Lien frå Førde. Ho har ein mastergrad i samfunnskommunikasjon frå Universitetet i Agder.

– Må sjå om eg duger

– Dette vert utfordrande, men eg ser fram til å verte sett på prøve. Eg veit det vert stilt krav til meg, og eg ser fram til å komme over den kneika og verte trygg, seier Knut Ådne Røen frå Samnanger i Hordaland, med bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen.

I tillegg til å verte sette på prøve får praktikantane smake og kjenne om journalistikk er vegen dei vil gå vidare i livet.

– Eg vil finne ut om dette er noko eg vil satse på, om eg klarar å produsere noko folk vil lese. Det vil vise seg ganske raskt om eg har talent eller ikkje, seier Malene Indrebø-Langlo frå Flora.

Ho har vore politisk aktiv i Flora og fylkesleiar for AUF før ho kom til Nynorsk avissenter.

Friskt pust

Vegen til Førde har vore lengst for Solveig Avelsgaard Lien frå Stjørdal i Nord-Trøndelag. Før Førde har ho mellom anna jobba på ambassaden i Moskva.

– Eg håpar at min bakgrunn kan setje meg i stand til å bidra med eit anna perspektiv på dei lokale sakene, seier Solveig.

Med eit aldersspenn frå 21 til 29 år bidreg praktikantane til forynging av Firda-redaksjonen.

– Snittalderen i Firda er 47 år. Vi som er oppvaksne med sosiale media og raske nyhende og kan sjå saker frå ein annan vinkel, trur Malene.

Emissær for kvaliteten

Ivar Longvastøl har teke over stillinga som leiar for Nynorsk avissenter etter Arve Sandal.

– Ut frå mi erfaring som lærar og journalist i 34 år er dette eit strålande tilbod der ein vert kasta direkte ut i produksjonen samstundes som ein får teoretisk påfyll, seier Longvastøl.

– Det viktigaste dei kan få med seg er formidlingsglede over både nyhende o g gode historier. Dessutan vil eg kjempe for den kritiske kvalitetsjournalistikken. Om den må gje tapt for klikkteljing og overflatisk kuriosa gidd ikkje eg å halde på med dette, seier Longvastøl.

Skjebnetime

Om det kjem eit fjerde kull til Nynorsk avissenter er avhengig av finansiering over statsbudsjettet.

– Firda og Amedia dekker ein del av kostnadane, men vi er avhengige av statleg støtte for resten. Eg har store forventingar til stortingsrepresentantane frå fylket, seier Longvastøl.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken