Må kutte 10 millionar

Konstituert rådmann, Arnar Helgheim, varslar kutt på rundt ti millionar kroner når neste års budsjett blir presentert 20. november.

Konstituert rådmann, Arnar Helgheim, varslar kutt på rundt ti millionar kroner når neste års budsjett blir presentert 20. november. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Psykiatri og kultur må truleg blø når kommunen må spare.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Administrasjonen i Jølster jaktar på kutt og auka inntening. Bakteppet er at kommunen må spare ti millionar kroner neste år. Overfor formannskapet tysdag la ikkje rådmannen skjul på at psykiatritenesta vil stå overfor spesielle utfordringar.

- Høgre terskel

– Kanskje blir terskelen for å få hjelp høgre enn i dag, sa konstituert rådmann Arnar Helgheim.

Psykisk helsevern har i dag fleire prosjekt med statleg finansiering, ordningar som er på veg ut.

– Det gir kommunen spesielle utfordringar, og vi ser på å flytte tiltak for å bruke personale meir effektivt. Skal vi redusere ressursbruken må det henge saman med oppgåvene, sa Helgheim.

Han signaliserte også at det kan bli reduksjon i ikkje lovpålagde tiltak, og nemnde spesielt reduksjon i kulturmidlane. Men også millionløyvinga til Sunnfjord Næringsutvikling blir sett under lupa. Det same gjer tilskotet til Friilligsentralen, ifølgje Arnar Helgheim.

Auka eigedomsskatt?

Nye måtar å organisere drifta ved vaskeri og kjøkken er også tema når administrasjonen jaktar kutt. Men rådmannen tenker ikkje berre kutt. Dei jaktar også auka inntekter, og Helgheim signaliserer at auke i eigedomsskatten kan bli eit tiltak. Auka betalingssatsar utover ein venta pris-auke på 3,3 prosent blir også vurdert.

Kraft gir ein mill ekstra

– Måndag fekk vi ei gladmelding frå sentralskattekontoret. Eigedomsskatten på kraftverk vil gje ein auke på ein million kroner neste år. Den millionen kjem godt med, sa Helgheim.

Som ikkje la skjul på at samhandlingsreforma er ei viktig årsak til at kommunen må kutte.

– Dei statlege tilskota dekker ikkje det vi meiner bør vere eit minimum, og det gir ikkje rom for offensiv satsing utan bruk av eigne midlar, sa Helgheim.

– Vi har ein del utfordringar, og det er verd å legge merke til at samhandlingsreforma kostar oss pengar, trass i klare lovnader om at pengane skal følge pasientane frå stat til kommune. Det er sterkt beklageleg, men sam­stundes er det kjekt å sjå at sjukehuset har fått orden på sin økonomi, sa ordførar Oddmund Klakegg. Med ein snev av sarkasme.

Budsjettframlegget skal vere klart 20. november. Endeleg vedtak skjer i kommunestyret 11. desember.

Artikkeltags