Må i fengsel for alvorleg vald

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein mann i 20-åra er i Fjordane tingrett dømd til sju månader i fengsel for ein grov valdsepisode i vår.

Den dømde mannen hadde teke på seg oppdraget med å vere sjåfør for den fornærma, som var rusa.

Hevda fornærma irriterte

Under køyreturen heim, oppstod valdsepisoden, etter at fornærma gjentatt gonger hadde ein oppførsel, som den dømde i retten omtala som irriterande. Tiltalte fann oppførselen så irriterande at han slo i dashbordet og sa at nok var nok og trua med å sette fornærma av, noko som fekk fornærma til å rope «kom igjen då» to gonger.

Bilen vart då stoppa, og dei to møttest bak bilen.

Slo fornærma medvitslaus

Retten finn det utover all rimeleg tvil at tiltalte deretter slo til fornærma med knytt neve ein gong i ansiktet, slik at han mista medvitet og fall i asfalten med bakhovudet. Forklaringar frå begge partar syner dette.

Slaget førte til eit brot i venstre kjevebihole, eit kutt i bakhovudet, hjerneskaking, skrubbsår og smerter i tennene. Fornærma vart også sjukemeld etter skadane.

Etter valdsepisoden vart også den fornærma attlaten i grøfta av tiltalte.

Tiltalte ringde deretter sjølv politiet, men då var allereie politi og ambulanse på veg etter at vitne hadde funne den skadde.

Sju månader i fengsel

Retten finn i si vurdering at den dømde personen ikkje handla i nødverje. Retten vurderer vidare at valdsepisoden, samt at tiltalte forlét den skadde, kvalifiserer til 10 månader i fengsel.

Retten finn det vidare skjerpande at den tiltalte er dømd for tidlegare lekamskrenking, men finn det samstundes formildande at han til dømes melde seg sjølv til politiet og tilstod i retten

Mannen blir no dømd til sju månader i fengsel, samt å betale 55.000 kroner i oppreisning til fornærma innan to veker, samt betale kring 3.500 i utgifter som fornærma har hatt.

Artikkeltags