Lyser opp haustmørkret med festival

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kjende bygg og landskap i Solund er blitt omskapte og fornya.

DEL

I helga er det sett lys på Solund. Fjell, sjø og bygg badar i fargar og former når Solund lyskunstfestival vert arrangert for andre gong.

Kjente lyskunstnarar

I år kan besøkande sjå kunstverk frå nokre av Norges beste lyskunstnarar. Viel Bjerkeset Andersen, HC Gilje og Ellen Røed er tre kunstnarar som har hatt utstillingar både nasjonalt og internasjonalt.

– Vi har laga ei kunstvandring der ein går rundt på Hardbakke og tar del i dei ulike verka. Det er ei fantastisk oppleving å sjå korleis lyset forandra rommet vårt, seier prosjektleiar Gry Buer.

Aktivitetar for store og små

Lyskunstfestivalen opna på fredag med eit fagseminar om lysplanar og tettstadutvikling. Seminaret var eit samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune for å auke kunnskapen om lys i tettstadutvikling.

På kvelden vart festivalen offisielt opna av ordførar Ole Gunnar Krakhellen, og alle kunstverka vart tende.

Meir på programmet

– I dag er det i tillegg til kunstverka også skumringskonsert i kyrkja og lysvandring med Barnas Turlag. Vi arrangerer òg lykteverkstad og andre aktivitetar i Hardbakke hamn. Der er noko å gjere for alle aldrar, seier Buer.

Artikkeltags