Gå til sidens hovedinnhold

Lokalt øl blant topp fem

Artikkelen er over 8 år gammel

Mikrobryggeriet dobla omsetnaden på eit år. No er det av dei største i landet.

Interessa for øl som skil seg frå den tradisjonelle pilsen har eskalert kraftig i Norge dei siste åra.

Finansavisen presenterte måndag omsetninga til dei fem største mikrobryggeria i Norge.

På fjerde plass finn ein Ægir bryggeri, produsert på Flåmsbrygga ved Aurlandsfjorden. Etter å ha starta opp i 2011 kunne bryggeriet vise til ein omsetnad på 13,4 millionar i 2012.

6,2 millionar

På femteplass finn ein Kinn Bryggeri som vart starta opp i 2009 av heimebryggaren Espen Lothe. All produksjonen til bryggeriet blir gjort i Strandgata i Florø. I 2011 hadde bryggeriet ein omsetnad på 3,1 millionar kroner. I 2012 var talet dobla og bryggeriet hadde ein omsetnad på 6,2 millionar.

Overraskande utvikling

Lothe, som er dagleg leiar og bryggerimeister i Kinn Bryggeri AS, seier til Firda at utviklinga har vore mykje betre enn kva bryggeriet venta seg då dei starta opp for fire år sidan.

– Då vi starta i 2009 var målet å få til ein årleg vekst på 15 prosent, men i staden har vi fått ein vekst på 100 prosent kvart år. Det har gått mykje mykje betre enn venta, seier han.

Forklaringa på suksessen

Forklaringa på den overraskande store suksessen er klar. Kinn har blitt eit av dei leiande handtverkbryggeria i landet fordi folk likar ølet dei produserer.

– Marknaden utviklar seg veldig bra. Interessa for meir spesiell øl har eksplodert, og vi har vore veldig heldige med tidspunktet vi starta opp på, seier Lothe.

– Og så viste det seg at folk likar veldig godt det vi produserer, seier han.

Kunne selt endå meir

Men trass i at fleire og fleire opnar smaksløkane for ølet som verken er pasteurisert eller filtrert, ventar ikkje Lothe den same utviklinga i omsetnad framover. Men det er ikkje etterspurnaden det står på.

– Vi har nådd taket for kor mykje vi kan produsere i våre lokale. Sjølv om vi no opnar nye lokale lagar vi for lite til å tilfredsstille etterspurnaden i marknaden. Hadde vi laga meir kunne vi selt meir. Det har vore mange tomme hyller i butikkane, seier han.

Kvalitet framfor kvantitet

Men å selje mest mogleg er heller ikkje det viktigaste for ølentusiasten.

– Vi har ingen planar om å bli kjempestore. Vi er komfortable med den størrelsen produksjonen er på no. Vi fokuserer på å brygge best mogleg øl, heller enn mest mogleg.

Lothe trekk fram at det er viktig å ikkje knipe inn på kvaliteten sjølv om ein aukar produksjonen, og fortel at også dei mest spesielle øltypane dei brygger sel godt.

Kommentarer til denne saken