Gå til sidens hovedinnhold

Leiteaksjon etter mann i Florø

Artikkelen er over 10 år gammel

Sea King-helikopter flaug lågt over Florø by søndag kveld.

Det føregjekk søndag kveld ein leiteaksjon etter ein eldre mann i Florø-området. Politiet fekk melding om forsvinninga klokka 20.00, men kunne då førebels ikkje seie noko meir om saka.

Klokka 22.55 kunne hovudredningssentralen i Sør Norge stadfeste at mannen, 70, var funnen ikkje langt frå eigen heim. Han skal vere i god behald, etter det dei kjenner til.

Då hadde Sea King-helikopteret, Røde Kors og ein hund leita i nesten tre timar.

Florø-folk kunne sjå og høyre Sea King-helikopteret fly fram og tilbake lågt over byen.

Ved hovudredningssentralen på Sola, opplyste Ola Vaage tidlegare på kvelden at dei fekk den første meldinga klokka 20.15.

- Både Røde Kors, ein hund og Sea King er på staden og med i leitinga. Vi har enno ikkje funne nokon, sa Vaage klokka 21.56.