Gå til sidens hovedinnhold

Legg ned skulen etter 12 års debatt

Artikkelen er over 8 år gammel

I morgon er det absolutt siste skuledag på denne skulen.

Askvoll kommunestyre har i dag bestemt at Stongfjorden skule skal nedleggjast frå hausten av. Dermed er skuleavslutninga her i morgon slutten for den nesten 100 år gamle skulen i Stongfjorden.

– Berre trist

Vedtaket i kommunestyret vart gjort med 13 mot 8 røyster. Venstre stemde mot, saman med ein representant for Ap og ein frå Sp. Heile Høgre og KrF stemde for å legge ned skulen.

– Dette er berre trist. I tillegg meiner vi det er gjort mange feil i prosessen, og dette vil bli klaga på. Truleg frå fleire hald, seier foreldre som var møtte fram i kommunestyret like etter at avgjerda var klar.

Siste dag i morgon

I morgon er det siste skuledag før sommarferien for dei 9 elevane på Stongfjorden skule. Under skuleavslutninga vil elevane bli informerte om nedleggingsvedtaket.

Kommentarer til denne saken